Motivasjonssamlingar 2020
Søknadssammendrag
Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane ynskjer å få opp igjen aktivitet ute i alle i kommunane våre knytt opp til møteplass/treffpunkt for dei eldre i kommunen. For å veilede og hjelpe lokallagsstyrene igang igjen vil vi lage motivasjonssamlingar for å knytte band ut til alle lokallaga. Vi deler inn kommunevis eller naturlege nabokommunar for å hindre unødig smittespredning ved å halde seg innanfor kommunegrensene.
Vi vil med desse samlingane motivere og trygge lokallaga på kva som er rett og gjere for å få igang aktivitet for eldre. Vi delar inn kommunane i 12 samlingar som vi vil gjennomføre høsten 2020 og våren 2021. Vi har då stort fokus på smittevern ved aktivitet i lokallaga, ulike typar aktivitet som kan gjennomførast og praktisk info og opplæring av digitale verktøy for styret som dei kan benytte seg av for å nå ut til dei eldre. Idemyldring mellom dei ulike lokallagsstyrene som er i samme kommune.
Den positive virkningen på prosjektet er at lokallagsstyra vil få så mykje kunnskap, ryggdekning, motivasjon, inspirasjon, oppdatert informasjon, råd om korleis dei kan gjennomføre aktivitet på ein smittevernfagleg måte. Knytt til lokalet, pengar, bruk av kontantar ved loddsal, matservering, garderobe, reglar som gjeld pr. d.d. På sikt er det desse lokallagsstyra som skal lage aktivitet for eldre rundt om i kommunane for at eldre får ein sosial møteplass der dei kan få møte andre. Dei vil då komme ut av isolasjonen dei fleste no sit i. Dette vil på sikt ha inverknad på den psykiske og mentale helsa til dei som deltek.
Oversikt:
- 24. sept (Førde, Gaular, Jølster, Viksdalen, Naustdal)
- 20. okt (Lavik, Vadheim, Høyanger, Sørsida)
- 22. okt (Årdal, Lærdal/Borgund, Aurland)
- 27. okt (Sogndal, Leikanger, Balestrand, Luster)
- 30. okt (Eid, Bryggja, Stadlandet, Selje)
- 05. nov (Svelgen, Bremanger, Kalvåg)
- 13. april (Stryn/Hornindal)
- 15. april (Florø, Eikefjord, Vågsøy)
- 20. april (Gloppen, Breim, Hyen)
- 22. april (Hyllestad, Fjaler, Solund, Askvoll)
- 27. april (Gulen, Brekke)
- 29. april (Vik)