Naturmøteplassen på Hosteland
Søknadssammendrag
Bakgrunn:
Koronapandemien har medført isolasjon for mange, og særleg for grupper som er avhengige av transporthjelp for å koma seg til og frå. I vår bygd er det stort behov for utandørs nærtilbod for eldre som stimulerer til fysisk aktivitet og sosial omgang.
Målgruppe:
Kommunal sjukeheim, bustader for funksjonshemma, omsorgsbustader og helsesenter er lokalisert i området der «Naturmøteplassen» skal etablerast, og er samarbeidspartar i gjennomføring av prosjektet. I tillegg til alle pensjonistane i bygda er desse brukarane hovudmålgruppa.
Målsetjing:
I « Naturmøteplassen» vil vi leggja til rette for auka fysisk aktivitet for eldre ved å få på plass gode, funksjonelle og tilpassa turvegar og møteplassar i naturen for målgruppa i nærområdet sitt, og slik styrka folkehelsa og det psykososiale miljøet.
Innhald:
Tiltaket er todelt:
- Etablering av turveg med tilrettelegging av « Naturmøteplassen» for eldre.
Oppstart april 2021. - «High five»- tilrettelegging av tiltak i Naturmøteplassen som fremjar fysisk og psykisk helse. Oppstart august 2021.
- «Trening for alle»- lågterskeltilbod for pensjonistar i regi av fysioterapiteneste
- «Stjernestunder» – aktivitetstilbod i regi av sjukeheim
- «Sansevegen»- stimuleringsløype i Naturmøteplassen i regi av bu- og aktivitetssenteret
- «Møte mellom generasjonar»- gode møteplassar mellom dei eldre og skule/barnehage/bibliotek, i regi av prosjektgruppa.
- «Dugnadsgjengen»- tilsyn, vedlikehald og utbetringar av « Naturmøteplassen» med regelmessige møtepunkt og sosiale treff.
Tidsplan:
Prosjektet vert avslutta 30.06.22 og deretter evaluert. Prosjektgruppa vil arbeida for at aktiviteten i «Naturmøteplassen» vert vidareført.
Forventa resultat:
«Naturmøteplassen» skal medverka til at fleire kjem seg ut, og på tur. Dette vil gje betre fysisk og psykisk helse, ein lysare kvardag, auka trivsel, noko å sjå fram mot, sosial deltaking, kjenna vær og vind på kroppen- kort sagt: Høgare livskvalitet. Tiltaket støttar tydeleg opp om Stortinget og regjering si satsing «Leve heile livet» som kommunane no skal gjennomføra.