Søknadssammendrag
Gamleskulen i den vesle bygda Hatlestrand ligg vakkert til ved Hardangerfjorden, med utsyn over fjorden mot Melderskin og Folgefonna. På 1990-talet overtok misjonsforeiningane i bygda skulen, og dei har forutan sine eigne arrangement brukt huset til utleige for basarar, konfirmasjonar, minnestunder etter gravferder, julefestar, fødselsdagar m.m. Det er oppretta eit Styre for Gamleskulen som organiserer utleiga. Inntektene frå dette går til vedlikehald av den over hundre år gamle bygningen. No sparar dei pengar til å leggja om det gamle skifertaket.
Me i Hatlestrand Helselag har benytta oss av
gamleskulen, ikkje minst uteområdet, no seinast i samband med Hjertemarsjen i slutten av april. Det er ein plass med stort potensiale, både på grunn av den generøse storleiken og den fine utsikta. Men det ser nedslite ut, og det er ingenting å sitja på.
Hatlestrand Helselag vil gjerne gå saman med Styret for Gamleskulen om å oppgradera dette uteområdet. Me vil av eigne midlar gje 5000 kr til flyttbar rullestolrampe. Så søkjer me om 35 000 kr til utemøblar og
flyttbar utepeis. Ved hjelp av dugnadsarbeid skal me i Helselaget ha ansvaret for å vedlikehalda desse møblane. Styret for Gamleskulen skyt inn 5000 av eigne midlar til beplantning.
Målgruppene er deltakarar på dei ulike arrangementa i gamleskulen, samt turgåarar som fer forbi. Det vil seia folk i alle aldrar. Gamleskulen ligg sentralt til i bygda. Ei oppgradering av uteområdet vil fremja trivsel i nærmiljøet.
Dette er, og blir, ein stad der ulike generasjonar møtest.
Styret for Gamleskulen har fått laga ei skisse over plassen, der han vert delt opp i parkeringssone, leikesone og eit område med sitjeplassar. Ei ivrig dame frå Sjømannsmisjonen har alt laga eit blomebed. Styret for Gamleskulen er i ferd med å oppretta ei “utenemnd”, som skal ta seg av planting og ikkje minst stell av buskar og små hekkar, som skal fungera som sonedeling. Møblane, peisen og rullsetolrampen satsar me på skal vera på plass sommaren 2009. Hagen skal me skapa litt etter litt.
Sluttrapport
Sluttrapport/artikler (pdf)
Sluttrapportsammendrag
FØREBYGGING 2008-1-0243
OPPGRADERING AV DEN GAMLE SKULEPLASSEN
Gamleskulen i den vesle bygda Hatlestrand ligg vakkert til ved Hardangerfjorden. På 1990-talet overtok misjonsforeiningane i bygda huset. Dei har leigd ut huset til religiøse møte, basarar, konfirmasjonsfestar, dåpsfestar, minnestunder etter gravferder, juletrefestar, fødselsdagsfestar, hjortemøte, rettsmøte, m.m. I kjellaren har nokre flittige vevkoner hatt tilhald. Det er oppretta eit Styre for Gamleskulen som organiserer utleiga. Inntektene går til vedlikehald og utvikling av huset.
Skuleplassen er romsleg, men gammal og nedsliten. Det var ingenting å sitja på. Målet for prosjektet har vore å skapa ei “utestove” på denne plassen, der born kunne leika og vaksne/eldre kunne setja seg ned, eta/drikka, prata saman, sjå på borna, nyta sola. Me ville dela plassen inn i tre soner: leik, kvile og bilparkering. Målgruppa har vore deltakarar på ulike arrangement i gamleskulen samt tilfeldige turgåarar som fer forbi. Det vil seia folk i alle aldrar, frå det nydøypte vesle barnet til 90-åringen som feirar sin kanskje siste fødselsdag.
Deltakarar i prosjektet har vore Hatlestrand Helselag v/Alice Tuften og Styret for Gamleskulen v/Eva Attramadal. Helse og Rehabilitering har støtta prosjektet med 35 000 kr. Helselaget og styret har gjeve 5 000 kr kvar, pluss dugnadsarbeid. Prosjektet har hatt eit samla budsjett på 45 000 kr.
For desse pengane har me fått mykje: Stablestolar og småbord i plast, store benker og bord i tre/betong, blomeurner, grill, sandkasse, jord og planter, plenklippar. Snart er også ei steingrue på plass. Ein flyttbar rullestolrampe måtte me i fyrste omgang droppa. Pengane helselaget sette av til dette vil bli brukte når me finn ei betre løysing. Det vert “offisiell opning” av utestova 1. mai.
Eigarane ynskjer at gamleskulen skal brukast til religiøse og andre ålmennyttige føremål. Dei tenkjer framtidsretta. I vår del av verda vil det seia at me kanskje må læra på nytt korleis enkelte ting vart gjorde før. Stikkorda for drifta er difor: enkelt, gjenbrukt, lokalprodusert, økologisk. Vevkonene flytta ut av kjellaren i 2009. No innreier styret bruktbutikk, med opningsdag 27.mars. Alt arbeid er dugnad, inntektene går til vedlikehald og utvikling. Biletkunstnaren Ian Garlant flytta frå London attende til røtene sine på Hatlestrand i 2009. I juli skal han ha utstilling i gamleskulen etter fyrst å ha stilt ut i London og Oslo.
Velkomne til gamleskulen på Hatlestrand!