Sluttrapport
Sluttrapportsammendrag
Bakgrunn for prosjektet: Omlag 1100 nye tilfelle av blærekreft vert diagnostisert årleg i Noreg
Bakgrunn for prosjektet: Omlag 1100 nye tilfelle av blærekreft vert diagnostisert årleg i Noreg. I omkring ein fjerdedel av desse tilfella invaderer svulsten muskulaturen i blæreveggen, og desse pasientane vert behandla anten med radikal operasjon (cystectomi) eller strålebehandling. Cystectomi er ein effektiv lokal behandling, men er eit stort inngrep som kan medføre komplikasjonar og redusert livskvalitet for pasienten. Dette prosjektet har som overordna mål å forbetre prosedyrene for planlegging og utføring av strålebehandling slik at ein kan tilby pasientar med blærekreft eit fullgodt organ-bevarande behandlingsalternativ.
Innhald i prosjektet: Prosjektet har fokusert på å utvikle i) betre diagnostiske metodar og ii) meir presis og lokalisert strålebehandling for pasientar med muskel-invaderande blærekreft. I den diagnostiske delen av prosjektet gjennomfører vi ein klinisk studie av dynamisk MR-avbilding der målet er å kome fram til ein meir nøyaktig metode for avbilding av blæresvulstar. Vi har vore gjennom ein pilotfase (fram til august 2002) med uttesting av opptak med ulike teknikkar og ved ulike tidspunkt i utredningsforløpet, og har no etablert ein prosedyre der vi med ein såkalla VIBE-metode avbildar pasientane tidleg i sjukdomsforløpet. Med denne prosedyren har vi per i dag rekruttert 18 pasientar, og resultata hittil er lovande. Dei endelege resultata vil foreligge når vi kan korrelere våre biletfunn med den patologiske analysen for dei 40 pasientane som er planlagt inkludert.
Den andre delen av prosjektet er ein modelleringsstudie av ein ny strålebehandlingsteknikk, såkalla intensitetsmodulert stråleterapi (IMRT). IMRT er utvikla for å oppnå ein betre fordeling av stråledosen i kvar enkelt pasient. I denne studien undersøker vi spesielt potensialet til denne teknikken for å avsette ein lokalisert ekstradose til blæresvulstar definert ut i frå optimal diagnostikk (eksempelvis MR-avbilding som utvikla i den diagnostiske delen av prosjektet), samstundes som ein gjev dagens standarddose til den øvrige delen av blæra og sparer det friske vevet omkring (tarm/rektum) ytterlegare. Ein innleiande undersøking viste at storleiken av dei sikkerheitsmarginane ein legg omkring blæra ved kvar behandling har stor betydning for resultatet (1). Denne faktoren vert difor teke med i den vidare vurderinga av IMRT-teknikken. Tidlege resultat frå prosjektet for behandling med smale sikkerheitsmarginar viser at eit 5-felts behandlingsoppsett med IMRT i så godt som alle tilfelle klarer å gje ein 20% ekstradose til svulsten med uendra eller noko redusert dose til normalvevet. Analysen av effekten av IMRT-teknikken ved moderate og vide marginar er undervegs. Denne delen av prosjektet vert gjennomført i samarbeid med stråleterapimiljøet ved Western General Hospital, Edinburgh, UK.
Nytteverdi for prosjektet: MRI-delen av prosjektet vil kunne bidra til at ein kan oppnå ein betre framstilling av svulsten sin utbreiing i blæreveggen hos pasientar med muskel-invaderande blærekreft før radikal behandling. Tidlege resultat frå IMRT-delen av prosjektet tyder på at dette er ein teknikk som vil kunne sette oss i stand til å gje pasientar med muskel-invaderande blærekreft eit effektivt, organ-bevarande behandlingsalternativ til radikal operasjon (cystectomi).
Vidare arbeid: Begge delane av prosjektet vert ført vidare ved at det inngår som ein del av Muren sitt postdocstipend i frå Den Norske Kreftforening (oppstart januar 2004).
Publikasjoner:
Muren, L.P., Redpath, A.T. & McLaren, D. Treatment margins and treatment fractionation in radiotherapy of muscle-invading urinary bladder cancer. Radiother Oncol. In press 2004.