Samarbeid lokallag-helsevesen

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Gjennom dette prosjektet ønskte fylkeslaget å medverke til at diabetikarane i fylket får behandling og opplæring i høve til de

Gjennom dette prosjektet ønskte fylkeslaget å medverke til at diabetikarane i fylket får behandling og opplæring i høve til det som ein pr i dag meiner er den beste diabetesomsorga ein kan gi. Eit godt samarbeid mellom den lokale helsetenesta og lokallaga i NDF vil kunne vere ein viktig faktor for å kunne gi opplæring til ei stadig større gruppe menneske.

 

Ein ville gjennom prosjektet etablere og utvikle samarbeidsmodellar mellom den lokale helsetenesta og NDF sine lokallag i kommunene, og stimulere til at tillitsvalgte i løkallaga vert illeir aktive i høve helsetenesta.

 

Fylkeslaget valgte ut fire kommunar der prosjektet vart gjennomført. Kommunane er Volda, Ålesund, Rauma og Sunndal. Tillitsvalte har i prosjektperioden på to år besøkt helsetenesta i kommunane for å etablere og utvikle samarbeid om ei betre diabetesomsorg.

 

Ein har ikkje nådd alle måla om ei betre diabetesomsorg etter desse to prosjektåra, men kontakta er etablert og ein er i gang med å utvikle samarbeidsmodellar mellom den lokale helsetenesta og diabetesorganisasjonen, og sjølvom prosjektperioden er over vil arbeidet med dette fortsette.

 

For å kartlegge korleis brukarar av dei fire legekontora opplever diabetesomsorga i si kommune vart det gjort ei spørreundersøking.

 

Ein har utvikla eit «kontrollskjema» som viser oppfølginga diabetikaren får. Ein har og samla nokre av heftene som er utgitt av NDF sentralt, og har laga ei «startpakke» med informasjonsmateriell til nyoppdaga diabetikarar. Denne «startpakken» håper vi kan verte delt ut til persønar med nyoppdaga diabetes, slik at dei får eit minimum av informasjon.

Prosjektleder/forsker

Hilde Ørstavik

Detaljer
Program
Forebygging (1998)
Prosjektnavn
Samarbeid lokallag-helsevesen
Organisasjon
Diabetesforbundet
Beløp Bevilget
1999: kr 50 000, 2000: kr 30 000
Startdato
01.02.1999
Sluttdato
31.12.2000
Status
Avsluttet