Sandetun Sansehage

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1. Bakgrunn
Sande Kommune har etablert sjukeheim og ca 30 omsorgsbustadar i eit område på Larsnes. Ved ombygging av sjukeheimen vart det lagt tilrette for ein Sansehage som kunne fungere som ein uteplass for sjukeheimen og som ein møteplass for dei eldre i kommunen.
Larsnes Helselag og eldrerådet i kommunen har teke kontakt med kommunen om å utvikle denne møteplassen. Det er etablert ei prosjektgruppe som etter å ha vore i samarbeid med andre kommuner har laga ei skisse på kva som trnegs av tilrettelegging, og korleis ein kan nyttiggjere seg eit slikt område til aktivitetar. Vi håper at søknaden gjenspeglar det på ein god måte.

2.Målsetting
Sansehagen skal verte ein møteplass for eldre, det skal stimulere til at dei eldre kjem seg ut og får oppleve(sanse) ting i kvardagen og i ulike arrangement. Prosjektet skal og stimulere samarbeidet mellom kommune og frivillege.
Ein ønskjer tilrettelegging gjennom sitteplassar, vinterhage, montasjer av gammalt utstyr, kulturarrangement, tilrettelegging for husdyr m.m.

3.Målgruppe
Målgruppa er dei eldre i Sande kommune, og ei særleg tilrettelegg

for demensgruppa. Eit viktig element er at eldre skal kunne opphalde seg trygt åleine på dette området (skjerma).

4. Prosjektets betyding:
Prosjektet vil ha betydning på to områder:
a) Gjennom dette prosjektet få vi lagt tilrette for at dei eldre i mykje større grad kan få kome ut, og oppleve ting i kvardagen – og lage ein møteplass for oppleving t.d. orgelkonsert som er under planlegging. Dette handlar om livskvalitet og å kunne nå fram med eit tilbod til denne målgrppa som vi elles ikkje vil få til frå kommunen si side åleine. Vi vil nytte fagkompetanse m.a. sjukepleiarar med vidareutdanning innafor demens i tilrettelegging av arealet.

b) Det er særs viktig at vi har gode prosjekt som stimulerer det frivillege til å gå inn i samarbeid med kommunen. Eit dyktig helselag står bak dette – og har fått med seg kommunen og eldrerådet. Dette er eit samarbeid som vi trur at kan vidareutvikle seg på ein svært positv måte dersom vi får på plass dette prosjektet. Slike prosjekt trur vi og kan føre til auka rekruttering for helselaget.

5. Gjennomføring
Prosjektgruppa vil stå for gjennomføring av prosjektet og syte for at dei ulike element vert utført i tråd med søknaden. Prosjektgruppa vil vidare syte for at ein får det nødvendige smarbeidet mellom frivillege ressurspersonar og kommunen som dette prosjektet krev.

6. Vedlikehald
Sande kommune står som eigar av omrdået og har tekek på seg ansvar for nødvendig vedlikehald av det som gjennom dette prosjektet vert utført. Larsnes Helselag vil vidare vere ein samrbeidspartnar både gjennom vedlikehald, utvikling og bruk av sansehagen, men vil ikkje

ha noko formelt ansvar – det ligg på Sande kommune.

7. Framdrift
Prosjektet vil verte starta opp tidleg 2010 med ei fullføring til sommaren – då vi satsar på opningsfest på ein fin sommardag!

Vi håper på ein positiv handsaming av søknaden, då dette vil vere med å skape eit positivt miljø og tilbod til ei gruppe som treng det . Dette er eit prospekt som vert båre fram av Larsnes Helselag sitt initiativ og innsats – i nært samarbeid med eldreråd og Sande kommune!

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

Sandetun Sansehage er eit tilrettelagt område for eldre med demens, knytt til Sandetun sjukeheim på Larsnes. Sansehagen hadde behov for oppgraderingar og tilrettelegging for større aktivitet. Søknad om dette vart til etter initiativ frå Larsnes Helselag som historisk har hatt eit godt samarbeid med Sande kommune (M&R), i tilegg har eldrerådet kome inn som ein god samarbeidspartnar. Samarbeidet i prosjektet har vore godt!

Fysiske endringar som skulle føre til auka aktivitet har vore planlagt og gjennomført gjennom dei midlane vi har fått, dugnadar – og at dette arbeidet har generert midlar frå andre instansar har vore viktig. Hovudmålet med prosjektet er klart innfridd slik at dei eldregruppene som er brukarar av området har nytta det meir, og det er større livskvalitet knytt til det å kome seg ut å vere i hagen. Bruken er størst periodar med fint ver om våren og sommaren.

Av fysiske tiltak som er gjennomført så må skjermingstiltak både med veggar og planting nemnast. Det har vore viktig å etablere bed både langs mark, og opphøgde bed som gjere blomster og planter tilgjengeleg for brukarar både til beins og i stol. Bygging av eit mindre hus til oppbevaring av reidskap og eldre gjenstandar var viktig. Innsamling av eldre gjenstandar som skal vere med å skape miljø – og gje assosiasjonar for brukarane er starta opp. Utbetring av gangsti i området slik at den er trygg og brukandes for alle og plantning i høve det estetiske har vorte gjennomført.

På aktivitetssida har det meste vore finansiert utafor dette prosjektet, men fokus på dette har ført til eit framifrå godt samarbeid med eldrerådet om ulike tiltak. Bruken av sansehagen har hatt ei vesentleg auke i 2010, og vi forventar at dette skal ta seg ytterlegare opp i 2011 sidan ein del av tiltaka er utført på slutten av året. Ansvaret for vedlikehald og vegen vidare ligg på Sande kommune, men eit sterkt ønskje om eit samarbeid med Larsnes Helselag og i tida som kjem.

Midlane frå Extrastiftelsen har kome godt med og vi ser fram til våren og kunne ta Sandetun Sansehage i bruk for fullt.

Prosjektleder/forsker

Bård Dalen

Detaljer
Program
Rehabilitering (2009)
Prosjektnavn
Sandetun Sansehage
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
2010: kr 100 000
Startdato
01.01.2010
Sluttdato
31.12.2010
Status
Avsluttet