Sansehagen i Fjaler

I samarbeid med

Sluttrapport

Sluttrapportsammendrag

[Klikk her og skriv inn sammendraget]

Bakgrunn og målsetting: Fjaler sjukeheim som ligg sentralt i Dale gjev plass til ca 38 pasientar, av dette er 8 demenspasientar. Fjaler kommune er eigar og Fjaler helselag som står som søkjar. Målgruppa i prosjektet  er demensgruppa ved sjukeheimen. Hageområdet ved demensavdelinga, opparbeidd i 1972, var ikkje i samsvar med behova til målgruppa. Interesse og auka kunnskap gjorde til at eldsjeler, tilsette og pårørande knytta til sjukeheimen sette i gong i Fjaler.

 

Gjennomføring: Aktivitøren har stått i spissen. Med grunnlag i skisse frå hagedesignar vart hovudarbeidet med hagen utført i 2008 med støtte frå EXTRA-midlane. Åtte frivillige personar har delteke og det er nytta innleigd hjelp til større arbeidsoppgåver. I sansehagen er lagt vekt giftfrie plantesortar med god duft og sterke fargar og bær og frukt som kunne plukkast. Her er poteter og grønsaker som gulerøtter, reddik og sukkererter. Det vart planta blåbær-, eple- og plommetre, rips- og solbærbusker og jordbær. Gamle plantesortar som pelargonia, azalea, roser, hortensia, blomstrande rips, pionar og rhododendron vekkjer minne hos pasientane. Blomsterbeda vart oppbygde slik at det er lett å lukte på plantene, plukke og luke ugras. Minnegjenstandar med lokal forankring vart samla inn for å minnast barndom, oppvekst og arbeidsliv. Eit flott lysthus med pleksiglas er sett opp i ytterkant av hagen.

 

Sansehagen er ei lita oase – der pasientane  kan oppleve vind, sol og regn i trygge tilhøve. Saman med besøkjande og personale kan dei vere ute og halde på med oppgåver dei er kjende med frå tidlegare og vekke minne og inspirere til samtale.

 

Konklusjon: Kvaliteten ved Fjaler sjukeheim har auka med oppbygginga av sansehagen og det den kan tilby. Hagen har utan tvil vore til glede for målgruppa, tilsette og dei pårøarande. Vi kan sjå at hagen fungerer terapeutisk. Hagen er gjort godt kjent i kommunen og det vert offisiell opning av hagen sommaren 2010.

 

Vidare planar: Det skal etablerast ei ansvarleg støttegruppe for sansehagen vidare. Fjaler er stolte over å ha realisert ein sansehage og det omdøme den gjev.

Prosjektleder/forsker

Bjørg Yndestad

Detaljer
Program
Rehabilitering (2007)
Prosjektnavn
Sansehagen i Fjaler
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Org.ledd
Sansegruppa ved Fjaler sjukeheim
Beløp Bevilget
2008: kr 85 000
Startdato
15.01.2008
Sluttdato
31.08.2009
Status
Avsluttet