Sognefjordvegen, i Luster

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Prosjektbeskriving Sognefjordvegen S1, med aktivitet i Luster kommune.

1. Bakgrunn.
Som ein del av Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn vert det etablert ein samanhengande turveg ifrå Hella i Leikanger kommune til kommunegrensa mellom Lom og Luster på Sognefjellet.



2. Målsetjing.
Dagleg aktivitet på dei ulike strekningane i Sognefjordvegen i Luster kommune.
Målet med denne turvegen er å synleggjera turmoglegheitane som finst i nærmiljøet til folk som bur langs fjorden. Vidare er målet med Sognefjordvegen å gjere det enklare for folk å ferdast utifrå og mellom kommunesentre og bygder til fots utanom bilvegar.

Sognefjordvegen er ein samanhengande turveg gjennom Heile Luster kommune frå Solvorn til i vest til kommunegrensa til Lom på Sognefjellet i aust. Denne strekningen i Luster kommune er ein avgjerande delstrekning i Sognefjordvegen frå Hella i Leikanger kommune til kommunegrensa mellom Luster og Lom på Sognefjellet.

3. Målgruppe.
Lågterskeltilbod for alle
Barnehagar og skular kan nytte seg av dette til uteskule og andre formål
Friluftsliv, idrettsorganisasjonar og arrangørverksemder
Andre organisasjonar (revmatikarorg., LHL m.m.)
Reiselivet – Visit Sognefjord
Menneske med nedsett funksjonsevne

4. Beskrivelse av gjennomføring

Når Sognefjordvegen er etablert ynskjer vi å synleggjera han og legge til rette for ulik aktivitet langs stien. Vi ynskjer å legge til rette for matlaging og aktivitet utandørs, uansett vær og årstid. Opparbeiding av

bålplassar med gapahuk og

benkar på utvalde plassar er ein sentral del av dette arbeidet.

På denne måten vil unge og vaksne kunne bruke stien meir aktivt i skule og fritidssamanheng.

Me ynskjer å spreie informasjon gjennom skilt i sentrum og på utfartsplassane. Vil og sette ut avfallsdunkar.

Ynskjer og å få til ei interaktiv kartløysing med GPS spor på heile strekninga og mulegheitene som finst for ulike turar i Sogn.

Dette er eit samarbeidsprosjekt som involverer mellom anna Nasjonalforeningen Gaupne helselag, Luster turlag, Nes og høyheim bygdelag og IF Fanaraak i Luster kommune. Vidare er Sognefjordvegen eit interkommunalt samarbeid mellom Leikanger, Sogndal og Luster kommune , lag og organisasjonar i alle tre kommunane samt reiselivsnæringa i Sogn- Visit Sognefjord.
Vil

synleggjera prosjektet, og arbeidet med prosjektet, i lokale og regionale media som Sogn avis og NRK. Vil og nytte bloggen www.ffhis.blogspot.no og facebooksida sida til «folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn» til å informere og inspirere folk til deltaking og bruk.

Dei ulike lokale laga vil gjennom stifadderar ha ansvar for vedlikehald av strekningane og dei aktuelle møteplassane når dei er etablert.

Kostnadar: Kostnadane i dette prosjektet er satt til 78 948 nok. Utover dette er det rekna eit dugnadsarbeid av dei lokale organisasjonane til ein verdi av 100 000 kr knytt til rydding, merking og opparbeiding av møteplassar langs vegen i heile Luster kommune.

5. Betydning.
Eit aktivt liv langs fjorden.
Tiltaket vil verta eit såkalla «vinn-vinn»-prosjekt, som baserer seg på
samarbeid mellom bygder/organisasjonar/ offentlege aktører på tvers av kommunegrenser.
Sognefjordvegen vert etablert gjennom kartlegging av gamle ferdselsvegar og eksisterande turstier, vidare vert

det rydding av enkelte parti for å knytte saman strekningar. Prosjektet vert fullførd

med ei felles merking med skilt gjennom heile vegen ihht. nasjonal skiltmal. Spreiing av informasjon gjennom lokale og sosiale media

er også ein viktig del av prosjektet.

6. Framdriftsplan
Sommar 2013
Befaring av traséval
Opprette kontakt med grunneigarar.
Starte arbeidet med å kartlegge dei ulike strekningane
Synleggjera prosjektet i lokal og regional samt sosial media.
Verve stifaddrar
Bestille nødvendige skilt, emblem, tavler, søppelkasser og anna.
Halde kontakt med lokale lag og bidra om dei treng hjelp
Gjennomføre dugnader på dei ulike strekningane, møte-og aktivitetsplassane
Ferdigstille dei ulike strekningane med felles merking

Haust/Vinter 2013/2014
Produsere evalueringsdokument
Planlegge opning sumaren2014
Sjå framover, kor går vegen vidare?

Sluttrapport

Prosjektgjennomføring

Det fyrste som vart gjort etter at Gaupne helselag hadde fått tildelt midlar til ein kvileplass i Gaupne, var å invitera evt. samarbeidspartar til møte.Desse vart inviterte: Elevådsleiar Luster ungdomsskule,4H, Gaupne bygdalag ,lærar i fysisk aktivitet v. Luster ungdomsskule, Luster turlag, FAU Gaupne skule og Luster ungdomsskule, Luster jakt og fiskelag og prosjektleiar Knut Myking. Det vart samrøystes vedteke å velgja Hanaskjeren, som kvileplass og som turstien går gjennom. Dette er ein badekulp i Engjadalselva, som har vore brukt i bygda frå gamle dagar. Dei ulike partane fann ut kva dei kunne bidra med. Prosjektleiar kjøpte inn verbestandige bord og benkar, og organiserte dugnader. Jakt og fiskelaget skaffa 3 betongbord-benker som var kasserte frå rasteplassar på Sognefjellet. 4H skaffa traktor med lesseapparat for å transportera betongbenkane fra eit lager til Hanasjeren.Frivillige frå Gaupne helselag transporterte treborda og benkane frå levrandøren på Indre Hafslo til Hanaskjeren. På dugnadane vart det hogge vekk ein del busker og tre og dei bygde ei lita bru på over til ei øy midt i kulpen. Det vart kjøpt inn og montert ei slakk line. Ein grill kom på plass.

Antall personer i målgruppen

1500

Oppsummering

Prosjektet held fram i 2015. Det har vore fleire møter om den planlagde klatreparken, men dette vart ikkje godkjent, så derfor sender Gaupne helselag resterande pengar tilbake til Extrasiftelsen. Hanaskjeren har stort fokus i Gaupne helselag, og bygdefolket er engasjert i å bruka og halda plassen ved like. 4H ynskjer frå 2016 å samarbeida med helselaget om bruk og vedlikehald. Om sommaren treng graset å bli slått og plassen blir rydda. Skilt med logo til Extrastiftelsen og Nasjonalforeningen er oppsett.

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport Sognefjordvegen,pdf.pdf

Prosjektleder/forsker

Asborg Leirdal Kjærvik

Detaljer
Program
Forebygging (2013)
Prosjektnavn
Sognefjordvegen, i Luster
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
2014: kr 78 000
Startdato
01.01.2014
Sluttdato
31.12.2015
Status
Avsluttet