Sunnfjordsk halvtime med data
Søknadssammendrag
Bakgrunn: Seniornett Førde har i meir enn 10 år vore ein aktiv aktør for å tilby eldre folk eit fast vegleiingstilbod når det gjeld grunnleggande digital kompetanse.
Målsetting: Prosjektet skal stimulere sosial kontakt og i tillegg gi deltakarane digital kompetanse for å kunne bruke smarttelefon/ nettbrett og PC til nye tenester i kvardagen (Vipps, nettbank, velferdsteknologi).
Målgruppe: Personar av begge kjønn med alder 65-100 år.
Metode/Hovudelement i prosjektet:
– Grupper med faste møtedagar kvar veke og vekt på sosial kontakt
– Innføring i grunnleggande digital kompetanse ved bruk av PC (nybegynnarar)
– Generell Innføring i bruk av smarttelefon/ nettbrett
– Bruk av smarttelefon til nye tenester i kvardagen (Vipps, mobilbank, velferdsteknologi)
– Repetisjon gjennom faste møtedagar kvar veke
– Rimeleg «inngangsbillett» gjennom låg kursavgift, maks. kr 250
Tidsplan: Prosjektstart: Mars 2021. Prosjektslutt: 1. mai 2022.
Antall deltakarar: 50 stk.
Forventa resultat: Vi reknar med at prosjektet skal medføre at fleire personar i Sunnfjord kommune blir aktive digitale brukarar og dermed kan meistre dei utfordringane som det digitale samfunnet medfører. Vidare at deltakarane gjennom faste møtedagar kvar veke får utvida sosial kontakt, og som vil kunne vidareaførast
etter prosjektet.