Søknadssammendrag
Bakgrunn
Altfor mange av bebuarane på sjukeheimen og brukarane av helsetenestene har passive og inaktive dagar. Helsepersonell er allereie pressa på tid, og har lita tid til andre aktivitetar utanom pleie og stell. Kommunen er heilt avhengige av frivillige hender for å gje bebuarane på sjukeheimen eit godt tilbod, også når det gjeld fritidsaktivitetar. Fjaler kommune ynskjer difor saman med Fjaler helselag og kjøpe inn sykkeltaxi, og samarbeide om å rekruttere og lære opp frivillige sykkelsjåførar som kan sykle eldre bebuarar på tur i nærmiljøet.
Målsetting
Skape aktivitet, livsglede og livskvalitet for eldre menneske og menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsnivå. For personar som har problem med å forflytte seg, vil det å sitje på ein sykkel, få vind i håret og farte rundt i nærområdet gje glede og gode opplevingar
Målgruppe
Brukarar av helseteneste i Fjaler kommune, særleg bebuarar på sjukeheim/omsorgsbustader og personar med utviklingshemming.
Antall personer i målgruppen
150
Beskrivelse av gjennomføring
Prosjektet, som er å få fleire eldre ut på tur, skal gjerast i eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Tilsette i helsetenestene spring allereie føtene av seg, og vi veit av folketalsframskrivingar at utfordringa med å få nok hender i omsorgstenetsa vil bli vanskeleg i åra framover, då tal på eldre aukar og tal på folk i arbeidsfør alder minkar. Samarbeid med frivillige lag i kommunen, med Fjaler helselag i spissen, skal gjerast ved å rekruttere sykkelkontaktkar som kan sykle pasientar/bebuarar på tur. Framgangsmåten: 1) Prosjektleiar vil informere i ulike frivillige lag og organisasjonar om sykkeltaxi. Fjaler helselag i spissen, men også lokalt pensjonistlag og eldreråd vil vere viktig å informere. 2) Oppmode kvart lag om å rekruttere 5 sykkelkontaktar kvar. 3) Ha kurs og opplæring for sykkelkontaktar. 4) Organisere faste sykkelturar/tider for turar med dei frivillige sykkelkontaktane. Fjaler kommune ved driftsentralen/vaktmeister er ansvarleg for vedlikehald av syklane etter innkjøp. Tilsette i Fjaler kommune vil vere ansvarleg for samarbeid og rekruttering av frivillige. Det sikrar prosjektet si levetid etter enda prosjektperiode.
Fremdriftsplan
Juli/August 2018: Oppstart med demonstrasjon av sykkel August – Oktober 2018: Rekruttering og opplæring av frivillige Oktober 2018 – Mars 2019: Spreiing av informasjon og rekruttering av fleire sykkelsjåførar April 2019: Vårslepp April/Mai: Ny runde med rekruttering og opplæring av frivillige