Turveg Vigra

Søknadssammendrag

Aktivitet og trivsel i nærmiljøet.

Bakgrunn:
Friluftsliv er ei god kjelde til aktivitet og helse gjennom heile livet. Derfor set vi no igong arbeidet med å bygge tursti langs fjøra rundt Blindheimsfjellet på Vigra. Stien vert omlag 1,8 kilometer og vert ein sti med fast grusdekke slik at det er mogleg å bruke den også for den som er avhengig av rullestol.

Deltakere:
Dei som er med i dette samarbeidsprosjektet er Blindheim Velforening, Vigra Pensjonistlag, Giske Frivilligsentral og grunneigarane.

Målsetning:
Målet er at vi saman skal kunne klare å hente inn nødvendig økonomisk støtte og organisere dugnadsarbeid slik at stien kan stå klar til bruk så snart som mulig og helst innen høsten 2022. Stien vil knyte saman eit fint område med rikt dyreliv, nærleik til havet, Blindheimsnausta og Blimshaugen.

Målgruppe:
Å gå på tur er faktisk den mest populære fritidsaktiviteten i Norge. Friluftsliv passer for alle, uansett form, alder eller bakgrunn og derfor ønsker vi at nettopp denne stien skal være tilrettelagt slik at flest mogleg skal kunne bruke den.
Vigra Omsorgsenter for demente og Vigra Omsorgsboliger ligg i området og det er tenkt at stien skal vere lett tilgjengeleg for bebuarane der. Frå før har Vigra Skule 1-7 klasse «Majaskogen» her. Eit område tilrettelagt for uteskule.

Tidsplan:
Vi har så langt starta prosessen med avtaler med grunneigarane, og få godkjenning frå både kommune og Fylkeskommune .Det videre arbeidet blir å sende søknader om økonomisk støtte, hente inn tilbud og organisere arbeidet. Vi håper på oppstart i slutten av april 2021. Så snart penger er på plass starter vi opp.

Prosjektleder

Linda Rørvik

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Turveg Vigra
Organisasjon
Pensjonistforbundet
Beløp Bevilget
Kr 300.000
Startdato
08.03.2021