Turvenn til personar med demenssjukdom

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1 -Masfjorden kommune er liten i folketal(1650) og stor i areal. Innbyggjarane bur spreidd i små lokalsamfunn.
Kommunen har eit godt tilbud til personar med demenssjukdom som treng heildøgns pleie og omsorg. Men for heimebuande er det lite tilrettelagte

tilbud.

. Haugsvær helselag har no fått ein “ide” om at frivillige kan vera turvenner for personar med demens. Me ønskjer å gjennomføra eit prosjekt der ein vil rekruttera og skulera frivillige til å verta gode turvenner .

jmf demensplan 2015 der intensjonen er å styrka det frivillige arbeidet ved å gje frivillige opplæring.

2 – Målet er å tilby gode turvenner som kan bidra til at heimebuande personar med demens får auka livskvalitet.
Menneske er aktiv av natur ,og for mange med demenssjukdom har fysisk aktivitet vore ein naturlig del av kvardagen.

Problem med orienteringsevne og tidsbegrep vert ofte til hinder for å koma seg ut i skog og mark ,reisa på sjøen og fiska ,delta på seniordans,gå på konsert,eller berre ta ein biltur.
Ein turvenn kan vera det ein

treng for å gå (feks) på fjellet til stølen der ein gjekk som barn og som framkallar mange gode minner.

Me treng

frivillige som møter personen med respekt og verdighet,og som veit noko om korleis ein svarar når personen leitar og spør etter mor si som døydde for 20 år sidan.

3 -Målgruppa

er engasjerte frivillige som gjerne vil

delta i dette arbeidet

4 -Skal me greia rekruttera frivillige må desse få opplæring og veiledning. Pårørande og fagpersonar i kommunen ønskjer heller ikkje å samarbeida med

frivillige “rett frå gata” Det skal vera kvalitet i demensomsorga !!!
Me skal ikkje utdanna “minifagfolk”men gje dei grunnleggjande kunnskap om og forståing for demenssjukdom.
Pårørande skal kjenna seg trygge på at personen vert tatt godt vare på ,at det vert gode opplevelsar.

TEMA I OPPLÆRINGA
Etikk,respekt ,verdighet
Taushetsplikt
Kva er demenssjukdom-vanlige symptom -utvikling
Kommunikasjon
-språkproblem
-kroppspråk
Sansestimulering
Korleis framkalla gode minner
Nytten av bakgrunnsopplysningar
Musikkopplevelsar

Til dei ulike tema vil me engasjera fagfolk.

Temasamlingane vil vera open for alle interesserte og med god tid til spørsmål.

RERUTTERING AV FRIVILLIGE
I kommunen er det 10 helselag ,3 pensjonistlag 2 idrettslag .Prosjektleiar vil orientera på medlemsmøter i alle lag .Før kvar temasamling : Oppslag v/nærbutikkar og annonsering i lokalaviser. I våre små lokalsamfunn der alle kjenner alle er det lett å spreia informasjon.

REKRUTTERING AV BRUKARAR
Framleis kan demenssjukdom i nær familie vera vanskelig å snakka om og det kan vera ei utfordring for frivillige å få kontakt.Eit samarbeid med kommunen sine fagpersonar er avgjerande.Prosjektleiar vil orientera /ha møter og samarbeida med tisette i demensteamet,heimetenesta og dagavd.
Tilbudet skal vera eit tillegg til det kommunen yter hjelp til

VEILEDNING
Demenssjukdom utviklar seg over tid. Turen ein meistra fint eit år kan vera problematisk eit anna år. For å behalda dei frivillige når forandring skjer og uventa situasjonar oppstår,er det viktig at frivillige får veiledning underveis. Fagpersonell skal nyttast til veiledning.

5 -PROSJEKTETS BETYDNING:
At personar med demens kan gå på turar ,halda fram med kjende aktivitetar saman med ein trygg frivillig turvenn
Bidra til nødvendige pusterom for pårørande
Bidra til å dempe uro
Bidra til meir openheit om demenssjukdom
Bidra til at ein kan bu lenger heime.

6 -VEGEN VIDARE
Når prosjektperioden er over vil det forhåpentligvis vera mange engasjerte frivillige turvenner i kommunen vår.Over tid vil nok enkelte gå i frå. Helselaga vil kontinuerlig arbeida for å rekruttera nye ,og gje desse god opplæring,gjerne saman med helselag og demensforeningar i våre nabokommunar. Prosjektleiar som også er Nasjonalforeningen sin demenskontakt i Hordaland har god kontakt med laga i regionen og kan formidla vidare dei erfaringane me gjer i dette prosjektet.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2011_3_0223.pdf

Sluttrapportsammendrag

Masfjorden komm er stor i areal, Folketal ca 1695 Innbyggjarane bur i små lokalsamfunn som igjen krev individuelle løysingar. Kommunen har lite tilrettelagt tilbud til heimebuande personar med demens. Godt heildøgns tilbud .
Med dette prosjektet ønskte Haugsvær helselag å rekruttera,skulera og veileda frivillige til turvenner for heimebuande. I samarbeid med fagpersonar i kommunen(demensteamet) arrangerte me temasamlingar ,som var open for alle. Forelesarar var lege,spesialist i geriatri og geriatrisk sykepleiar frå Haraldsplass sykehus.Stort oppmøte og gode tilbakemeldingar. Koordinator presenterte prosjektet og at midlane kom frå Extrastiftelsen.Tema på samlingane var:Etikk,respekt,verdighet,taushetsplikt. Ulike demensjukdomar,vanlige symptom og utvikling,Kommunikasjon og sansestimulering. Utfording å få kontakt med brukarar og deira pårørande,spesielt hjå yngre brukara og tidleg i sjukdomsforløpet. Samarbeidet med dementeamet ,fastlegane og heimetenesta var avgjerande for kontaktetablering.Til veiledning nytta ein personar frå demensteamet.Behovet for veiledning var spesielt stort der sjukdomen forverra seg . I perioden fekk 3 av 7 personar behov for sjukeheimsplass. Stor variasjon i alder og funksjonsnivå hjå brukarane . Frå 62 år til 94.Aktivitetar var fjellturar, skiturar ( brukar beherska skia betre enn hjelpar) bilturar til barndomens rike,kafebesøk ol. Bistand i heimen til lefsebaking og hjelp til pårørande til å utføra innkjøp og andre ærend. 5 frivillige utførte hjelp til 7 personar. Same frivillig gjekk til same brukar kvar gong. Kunne ikkje den frivillige møta til avtalt oppdrag nytta ein personar i demensteamet som vikar.Dette for å unngå at ukjendte møtte opp
.Oppsummering:Prosjektet var lærerikt og synlegjorde at frivillige kan bidra til positive opplevelsar i kvardagen til personar med demens. Sjøv med frivillig arbeid vert det ein del utgifter.( opplæring,veiledning og reiseutg) Helselaget kunne ikkje gjennomført dette utan midlar frå extrastiftelsen. Me opplever meir openheit blant folk i nærmiljøet etter dette prosjektet .Synlegjorde og at behovet for opplæring og veiledning var større enn forventa. Godt samarbeid med kommunen sine fagfolk er avgjerande for god kontakt og gode opplevelsar for brukar ,pårørande og frivillige.Etter avslutta prosjekt er dei frivillige engasjert av kommunen som støttekontakt/fritidskontakt og får godjersle etter kommunale takstar.

Prosjektleder/forsker

Reidun Kvamsdal

Detaljer
Program
Rehabilitering (2011)
Prosjektnavn
Turvenn til personar med demenssjukdom
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
2012: kr 78 000
Startdato
10.01.2012
Sluttdato
10.01.2013
Status
Avsluttet