Vatn, varme og rørsle for helse og trivs

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn

Vi, Førde Terapibasseng, stiftingsstyre og frivillige medarbeidarar, har eit flott anlegg å tilby med to ekstra oppvarma basseng, boblebad og badstu. På dei 13 åra bassenget har vore i drift er tilbodet veldig godt nytta av publikum generelt, voksne, småbarn, babysymjing og ulike grupper frå Førde og nabokommunane. Men vi ønskjer ta eit større ansvar, vere ein viktig folkehelseaktør også for personar/grupper som treng ekstra tilrettelegging, og sørge for tilbod til desse. For å klare det treng vi å få tilført økonomiske ressursar, ha ein 50% stillingsressurs og styrke frivilligsida.

Målsetting

 # 55 eldre som regelmessige brukarar etter to år i prosjektet  # 40 har gjennomført symjeopplæringskurs for innvandrarar  # 15 personar med funksjonsnedsettingar og/eller terapibehov  # lært opp minst 10 personar som frivillig støttepersonell for målgruppene

Målgruppe

# eldre på helse- og eldreinstituasjonar og heimebuande # personar med ulike funksjonsnedsettingar/terapibehov # personar med innvandrarbakgrunn

Antall personer i målgruppen

120

Beskrivelse av gjennomføring

Utviklingsprosjektet er lagt opp med mål om å nå brukargrupper som treng ekstra tilrettelegging, eldre og personar med ulik funksjonsnedsetting, og legge opp symjeundervisning for innvandrarar med vekt på kvinner/mødre i første fase. Målgrupper er eldre på helse- og eldreinstituasjonar og heimebuande, personar med ulike funksjonsnedsettingar/terapibehov og personar med innvandrarbakgrunn. Tal personar prosjektet tek sikt på nå er: 55 eldre som regelmessige brukarar etter to år i prosjektet,40 har gjennomført symjeopplæringskurs for innvandrarar, 15 personar med funksjonsnedsettingar og/eller terapibehov og lært opp minst 10 personar som frivillig støttepersonell for målgruppene Måloppnåing/effekt ved 1. som blir rekruttert og deltek regelmessig i aktivitetstilboda, 2. som har delteke på symjeopplæringskurs og 3. og tal frivillige som har fått skolering som støttepersonell/badevakter for brukarane. Brukarundersøkingar undervegs i prosjektet vil synleggjere erfaringar, opplevingar og ønskje frå deltakarane. Metodeprøving på korleis nå ut desse potensielle brukarane og kva virkemiddel som gir resultat. Oppsøkande arbeid, tllpassa marknadsføring, samlingar/sosiale møteplassar og vekt på å bygge relasjonar og trivsel.

Fremdriftsplan

Haust 2018: Prosjektutvikling og søknad om prosjektstøtte, prøve ut aktivitetstilbod og metodar, rekruttering instruktørar. Jan 2019: Innkjøp utsyr og installering trapp) i basseng, rekruttering prioriterte målgrupper lokalt, t.d Førde Helsetun, rekruttering vaktpersonell og opplæring, Informasjons- og motiveringssamling frivillige 2019 og 2020: Gjennomføring av tiltak og oppfølging av tilbod og målgrupper. Evaluering og rapportering.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport til stiftelsen Dam.pdf

Prosjektleder/forsker

Gina Ness Hallset

Detaljer
Program
Helse høst (2018)
Prosjektnavn
Vatn, varme og rørsle for helse og trivs
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
2019: kr 299 000, 2020: kr 318 000
Startdato
02.01.2019
Sluttdato
30.12.2020
Status
Under gjennomføring