Yt og Nyt

I samarbeid med

Søknadssammendrag

1. Bakgrunn.
Dette skal vere eit 1-årig MATGLEDE-prosjekt. For dei som på grunn av livssituasjon og sjukdom opplever mange avgrensingar, ønskjer vi å rette fokus mot ?det som er mogleg? i stadenfor å vere så opptatt av ?kva vi ikkje kan?. Yte i fellesskapet og så nyte ved eit fint dekka bord. I tillegg ønskjer vi å gi eit tilbod til einslege menn.
Tysvær kommune har 10.000 innbyggjarar. Vi har kontakt med mange personar med ulike sjukdomsdiagnosar, og i tillegg har vi fått signal om at fleire einslege menn ønskjer å delta i matgruppe. Vi har hatt nokre samlingar med mat i fokus. Vi ønskjer å vidareutvikle dette fordi vi har opplevd at mat og matlaging i gruppe kan gi betre både fysisk og psykisk helse.
Prosjektet skal vere eit samarbeid mellom LHL Tysvær og Bokn og Tysvær kommune sin Aktivitet og trivsel representert ved aktivitetskoordinator tilsett i resultatområdet Aktivitet og omsorg. Vi nyttar kommunens lokale på Tysværtunet og det utstyret dei har, og har fått tildelt plass der vi kan oppbevare diverse utstyr.
2. Mål. 2.1 Overordna mål. Betre livskvalitet gjennom kunnskap og glede ved matlaging. 2.2 Hovedmål. Inspirere til eit varig endra kosthald. Få den einskilde til å sjå fleire moglegheiter og utfordringar. Danne fellesskap slik at gruppene kan halde fram etter at prosjektperioden er over. Utarbeide hefter med informasjon og oppskrifter.
2.3 Delmål
Danne grupper med ulike diagnosar/ behov/ ønskjer.


Vi vil ta utgangspunkt i desse gruppene: Hjarte-karsjukdom, Cøliaki, Diabetes, Reumatisme, Overvekt, Matgruppe/ gourmet-klubb for menn
3.Målgruppe
Personar med ulike sjukdomsdiagnosar.
I tillegg til dette ønskjer vi å nå einslege menn.
4.Gjennomføring.
– Få inn eksterne ressurspersonar/ forelesarar som skal gi deltakarane


kunnskap og inspirasjon. – Desse personane vil være: Ernæringsfysiolog og

Gourmet-kokk
– Arrangere ulike tema-kveldar der vi samlar alle gruppene og andre interesserte.
– Nytte lokala der Regnbuen LHL-senter allereie har sine aktivitetar.


Dette er lokale der kommunal- og LHL-aktivitet i det daglege har eit tett samarbeid.

Her er kjøkken og aktivitet- og opphaldsrom.

Vi trur det er viktig at alle gruppene har same utgangspunkt, og unngår da at

enkelte ikke vil delta fordi de kan føle det vanskelig å ha gruppa heime.
– Innkjøp av ein del kjøkkenutstyr.
5. Innhald og betydning.
Mat kan gi mange gleder og stor helsegevinst. Prosjektet skal bidra til at deltakarane opplever glede ved mat og matlaging og ser moglegheitene i staden for hindringane, yte i fellesskapet og så nyte ved eit fint dekka bord.
5.Framdriftsplan
Januar 2011:

Informasjon via plakatar , annonsar og flygeblad om

informasjonsmøte.

Februar/Mars 2011: Foredrag med ernæringsfysiolog for alle gruppene. Danne matgrupper som driv seg sjølve og har jamlege møte. Ernæringsfysiolog

er med ved oppstart av gruppene. April-Desember 2011: Fellesmøte med gourmet-kokk som inspirator til alle gruppene 2-3 gonger.

Mars- Desember 2011: Tema-kveldar

(Bama, Meieriet, Kjøtt og fisk, Sopp og nyttevekst-foreningen, Slow-food-foreningen.

Ved prosjektets slutt vil det bli laga eit hefte for kvar gruppe med informasjon og oppskrifter.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2010_3_0158.pdf

Sluttrapportsammendrag

«Yt og Nyt» var eit nærmiljøprosjekt for funksjonshemma og kronisk sjuke og deira pårørande, men retta seg og mot einslege menn. Prosjektet var eit samarbeid mellom LHL Tysvær og Bokn og Tysvær kommune. Bakgrunn for prosjektet var eit ønskje om å skape eit tilbod der deltakarene i fellesskap kunne lære å lage mat som alle kunne ete. Målsettinga var at dei skulle oppleve betre livskvalitet og glede ved mat og matlaging og sjå moglegheitene i staden for hindringane. Prosjektet skulle gi kunnskap og inspirasjon, og ha fokus på fellesskap. Det var eit ønskje om at deltakarane skulle bli meir bevisste kva slags mat som gjorde dei godt og dele erfaringar med kvarandre i fellessamlingane og grupper. For å invitere deltakare til prosjektet, nytta vi brev til LHL Tysvær og Bokn sine medlemmer og annonse i lokalavisa, og det blei arrangert informasjonsmøte. På møtet vart det delt ut eit spørjeskjema og desse ønska kom fram: Mat ved diabetes, ned i vekt, lavkarbo-kurs, hjartesunn mat, mat ved mage-tarm problem, matklubb for menn, smårettar/mat frå andre land, vegetar-mat, urte-kurs, lefse- og potetkake-kurs, gamle bake-tradisjonar, inspirasjon til matglede/matlyst etter sjukdom/ behandling. Det blei også arrangert matgledekveldar, og nye deltakarar blei invitert med og kom med ønskjer. Vi kunne ikkje lage spesielle grupper for alle ønska, men vi forsøkte å dekke noko av dette inn i Smårettar-, Utanlandsk mat-, Lavkarbo-gruppene. Prosjektet gjennomførte disse gruppene: 1) Matgruppe for menn: 2 grupper á 4 og 5 samlingar med kokk. 2) Hellebakst: 11 kurs med 1-2 samlingar kvar og 5-7 deltakarar på kvart kurs. 3) Smårettar/utanlandsk mat: Ei gruppe med 3 samlingar. 4) Lavkarbo (ikkje HFCL): 3 grupper med totalt 20 personar. Gjennom heile prosjektperioden hadde vi fokus på at dette var eit matgledeprosjekt, og den største gevinsten er at svært mange av deltakarane har endra sitt bruk av ferdigprodukter. Mange erfarte at det ga større helsegevinst, var like enkelt og meir interessant å lage mat med ferske råvarer. Deltakarene opplevde det positivt at det blei danna grupper der dei kunne dele idear, tankar og erfaringar når det gjaldt mat. Vi føler at prosjektet har satt i gong ein prosess. Mange har utvida si interesse og glede over å lage mat, oppdaga nye og gode smaker og blitt meir bevisst på kva maten gjer med oss. Vi vil halde fram med forskjellige matlagingsgrupper og matkurs samt ein årleg matgledekveld.

Prosjektleder/forsker

Tove Høgemark

Detaljer
Program
Rehabilitering (2010)
Prosjektnavn
Yt og Nyt
Organisasjon
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
2011: kr 136 000
Startdato
15.01.2011
Sluttdato
31.12.2012
Status
Avsluttet