Førebyggande helsesamtale
Søknadssammendrag
Bakgrunn for prosjektet
Fjaler kommune er i gang med eit strategiarbeid innan helse. I samband med dette har det vore gjennomført innbyggjarundersøking som syner at eldre i kommunen treng fleire tiltak om dei skal kunne bu heime lengst mogleg. Kommunen ynskjer å leggje til rette for at flest mogleg kan bu heime, men er avhengig av eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for kunne gje gode tilbod. Bakgrunn for prosjektet er at vi ynskjer ein modell for korleis kommunen og det frivillige kan jobbe saman for førebygging blant eldre
Målsetting for prosjektet
Hovudmålet er å gjennomføre førebyggande helsesamtale hos alle eldre over 75 år i Ytre Fjaler (Våge, Hellevik og Korssund).
Målgruppe
Hovudmålgruppa er eldre over 75 som bur i området Våge i Fjaler kommune. Vert forprosjektet vidareført vil målgruppa vere alle over 75 år i Fjaler kommune.
Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå
100
Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet
Gjennomføring av prosjektet vil vere eit samarbeid mellom Fjaler kommune, frivillige lag og organisasjonar i kommunen (kontaktleddet er Lions Club Fjaler), og ekstern konsuelnthjelp frå HIFUS (Haugland Internasjonale Forsknings-og utviklingsselskap). Helsedirektoratet har utvikla ein rettleiar for gjennomføring av førebyggande heimebesøk i kommunen som vil bli nytta i utviklinga og gjennomføringa av helsesamtalen. Utfyllande skildring av dette ligg i vedlegget.
Fremdriftsplan for prosjektet
Oppstart januar 2018 med avslutting i juni 2019. Utfyllande framdriftsplan ligg i prosjektbeskrivelse.
Sluttrapport
Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet
Bakgrunn for prosjektet: Fjaler kommune har utført eit strategiarbeid innan helse. I samband med dette vart det gjennomført ei innbyggjarundersøking som synte at eldre i kommunen trong fleire tiltak dersom dei skulle kunne bu heime lengst mogleg. Kommunen ønskjer å legge til rette for at flest mogleg kan bu heime, men er avhengig av eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for å kunne gi gode tilbod. Bakgrunn for prosjektet er at vi ønskjer ein modell for korleis kommunen og frivilligheita kan jobbe saman for førebygging blant eldre. Målgruppe: Målgruppa var eldre over 75 år i ytre Fjaler. 76 personar fekk tilbod, og 51 personar deltok. Dette ga ein svarprosent på 68%. Det er 369 000 personar i denne målgruppa i Noreg (2018). Målsetting: Hovedmålet var å gjennomføre førebyggande helsesamtale hjå alle over 75 år i ytre Fjaler.
Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)
76 personar fekk tilbod om samtale, og 51 personar deltok. Dette ga ein svarprosent på 68%.
Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet
51
Prosjektgjennomføring/Metode
Gjennomføring: Gjennomføring av prosjektet har vore eit samarbeid mellom Fjaler kommune, frivillige lag og organisasjonar i kommunen (kontaktleddet er Lions Club Fjaler), og ekstern konsulenthjelp frå HIFUS (Haugland Internasjonale Forskings- og utviklingsselskap). Helsedirektoratet har utvikla ein rettleiar for gjennomføring av førebyggande heimebesøk i kommunen som ligg til grunn, i tillegg deltok frivilligheita ved utforming av samtaleguiden ved oppstart av prosjektet. Her vart det satt fokus på «den gode samtalen» heller enn ei «sjekkliste» for å komme gjennom konkrete tema. Prosjektgruppa med fysioterapeutar og sjukepleiarar gjennomførte samtalane. Når alle samtalane var gjennomført hadde vi eit samarbeidsmøte med frivillige lag, organisasjonar og frivilligsentralen. Prosjektgruppa presenterte resultata frå samtalane, og utfordringar og vegen vidare vart diskutert. Når det gjeld samtalemetodikk peikar rettleiaren på motiverande intervju som metode i slike samtalar. I enkelte tilfelle lot vi oss inspirere av element i metoden motiverande intervju.
Resultater og resultatvurdering
Modellen har gått ut på å kartlegge behov og ønskjer hjå dei eldre, deretter hatt møte med frivilligheita, der vi saman har komme fram til tiltak som kan vere mogleg å i gangsette for å jobbe førebyggande blant eldre. Kommunen har sett i gong enkelte nødvendige tiltak undervegs, men nokre av utfordringane som har komme fram i samtalane er ikkje kommunale oppgåver. Eit samarbeid med dei frivillige er difor nødvendig. Vi sikrar stor brukarmedverknad i modellen, då tiltak baserer seg på ønskjer og behov frå målgruppa. I tillegg har dei eldre vore med å utforma samtaleguiden, noko som gjer at den er godt tilpassa dei. Prosjektet har lagt til rette for eit godt samarbeid mellom kommunen og frivilligheita. Av tiltak er til dømes dataopplæring for eldre allereie under utvikling med representantar frå dei frivillige. Ein av utfordringane som gjekk igjen hjå mange var bekymringar om manglande transport.
Oppsummering og videre planer
Å hjelpe dei eldre med å klare seg sjølv og bu heime lengst mogleg er noko dei ønskjer, noko kommunen ønskjer og noko statlege føringar ønskjer. Kommunen skal difor jobbe vidare for å tilby førebyggande helsesamtale til alle eldre over 75 år i Fjaler kommune. Det er lagt til rette for eit godt samarbeid mellom kommunen og frivilligheita, noko som vil vere viktig for å kunne jobbe førebyggande blant eldre også i andre delar av kommunen. Vi ønskjer også å ha møte med frivilligsentralen med jamne mellomrom.