Aktivitetspark for alle i Kviteseid

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet

Me ynskjer å bidra til å fremje aktivitet og folkehelse, god integrering og inkludering i kommunen vår. Eit viktig bidrag i så måte er å vidareutvikle eit allereie mykje bruka og populært rekreasjonsområde langs Dalaåi Turveg til ein aktivitetspark. Me ynskjer å skape lågterskelaktivitet og møteplassar for alle grupper av innbyggjarar, også dei med helseutfordringer, i et område langs en turveg som er mykje brukt gjennom heile året. Mellom anna ynskjer gågruppa til LHL seg ei gapahuk slik at kaffepausen kan tas i ly for regn og vind

Målsetting for prosjektet

Utvikle og universelt utforme eit område ved Dalaåi Turveg til ein aktivitetspark og slik fremje god folkehelse ved å leggje til rette for lågterskelaktivitet, god integrering og inkludering. Me vil sette opp gapahuk m/bod, 2 fiskebryggjer og forlenge turvegen 70 m.for å komme til aktivitetsområdet.

Målgruppe

Alle innbyggjare, særleg barn og unge, eldre og innvandrarar, samt dei med helseutfordringer som følgje av kronisk sjukdom eller funksjonsnedsettingar.

Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå

9100

Beskrivelse av tiltak/aktivitet samt gjennomføring av prosjektet

LHL Vest-Telemark, Kviteseid Turlag og Kviteseid Jeger- og Fiskerforening er saman om dette prosjektet. Hausten 2019 vil me starte arbeidet med å rydde området der me skal setje opp gapahuk og bod. Det vert noe dugnadsarbeid, bl.a. rydding av buskar, tre, stein, røtar og stubbar. Det vil elles være naudsynt å bruke gravemaskin for å opparbeide området. Helsetilstanden til medlemmane i LHL tilseier at dei ikkje kan delta så mykje på dugnad, men dei andre foreiningane vil gjere det dei kan. Fiskebryggjane skal murast opp med ein mur på 5 meter frå land og ut i elva. Turvegen fram til området må forlengjast med ca 70 meter og grusast. Området blir universelt utforma og turvegen vert lagt til rette for rullestolbrukarar. Me må leige inn arbeidskraft til mykje av arbeidet og me har fått eit kostnadsoverslag frå lokal handtverkar som inkluderer arbeidskraft og materiell. Utedoen er planlagt kjøpt inn frå «Sommerbutikken» og skal settast opp på dugnad. Den skal plasserast langs turvegen og i nærleiken av gapahuken. Når aktivitetsparken stå ferdig vil me ha offisiell opning og invitere presse og representantar frå kommunen. Me vil omtale aktivitetsparken på møte og samlingar i foreiningane våre og gjennom kommunens informasjonskanalar.

Fremdriftsplan for prosjektet

August – september 2019: Brukarundersøking. Dugnad – rydding av område og grunnarbeid i fht planlagte installasjoner. September – oktober 2019: Bygging av gapahuk, utstyrsbod, fiskebryggjer. Sette opp utedo, Gruse forlenging av turveg. Oktober 2019: Offisiell opning av aktivitetsparken. Sette i gang aktivitetar. Marknadsføring av tiltaket. Mai – september 2020: Ny sesong for aktivitetar. Brukarundersøking.

Sluttrapport

Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet

Målet med prosjektet var å utvikle og universelt utforme eit område ved Dalaåi Turveg i Kviteseid kommune til ein aktivitetspark for alle innbyggjarar i kommunen; særleg barn og unge, eldre og innvandrarar, samt dei med helseutfordringar som følgje av kronisk sjukdom eller funksjonsnedsettingar. Bakgrunnen for prosjektet var at LHL Vest-Telemark saman med Kviteseid Turlag og Kviteseid Jeger- og Fiskerforening ynskte å bidra til å fremje aktivitet og god folkehelse ved å leggje til rette for og fremje lågterskelaktivitet, god integrering og inkludering i kommunen vår. Me ville skape lågterskelaktivitet og møteplassar for alle grupper av innbyggjarar også dei med helseutfordringar, i et område langs en turveg som er mykje brukt gjennom heile året. Mellom anna ynskte gågruppa til LHL seg ei gapahuk slik at kaffepausen kan tas i ly for regn og vind. Me ville difor sette opp gapahuk m/bod, 2 fiskebryggjer og forlenge turvegen 70 m .for å komme til aktivitetsområdet.

Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)

Me planla å gjennomføre ei enkel brukarundersøking som me skulle sende til skular, barnehage, institusjonar og dei om lag 80 lag og foreiningane i kommunen. Me skulle og registrere bruken av området ved å sette opp ei kasse ved Ågapet der dei som går tur kan notere i ei turbok. Me rakk ikkje å gjennomføre brukarundersøkinga og sette opp turkasse, men det er bestilt eit telleapparat for å kunne måle auken av bruk på sikt. Me kan likevel registrere at koronapandemien har resultert i at enno fleire enn ein kunne håpe på nyttar naturen til trening og rekreasjon. Området er no meir attraktivt og det er allereie stor aktivitet i området og aktivitetsparken har vorte ein populær og mykje bruka møteplass for målgruppene i prosjektet. Me har innfridd målet om å lage eit tilbod som fremjar folkehelse.

Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet

9000

Prosjektgjennomføring/Metode

LHL Vest-Telemark, Kviteseid Turlag og Kviteseid Jeger- og Fiskerforening har samarbeida om prosjektet, og me har samarbeida tett og godt med Kviteseid kommune om gjennomføringa. Hausten 2019 starta me å rydde området der det skulle setjast opp gapahuk og bod. Rydding av buskar, tre, stein, røtar og stubbar vart gjort på dugnad. Det var naudsynt å leige inn gravemaskin og arbeidskraft for å opparbeide området og mure opp fiskebryggjene. Området vart bearbeida med tilbakefylling med utgraven masse og rette av med eit platå med singel. Turvegen fram til området vart forlengd med ca 70 meter og grusa. Området og turvegen er universelt utforma. Lokale handtverkarer vart leigd inn til å sette opp gapahuken. Me kjøpte inn ein utedo som vart satt opp på dugnad langs turvegen og i nærleiken av gapahuken. Undervegs i prosjektet har me informert om arbeidet på møter, i sosiale media (facebook) og i lokalavisa. Aktivitetsparken vart offisielt opna tysdag 22. september 2020. Både presse, samarbeidspartnarar, bidragsytarar og andre som hadde vore engasjert i prosjektet vart invitert og fleire møtte opp. Det vart og annonsert breitt og dette resulterte i stor interesse og deltaking på opninga.

Resultater og resultatvurdering

Me har innfridd målet om å lage eit tilbod som fremjar folkehelse og alle delmåla i prosjektet så nær som brukarundersøkinga er innfridd. Me fekk ikkje satt opp turkasse, men har bestilt telleapparat for på sikt å kunne måle auken av bruken. Me kan likevel konstatere at turvegen og alle installasjonane er veldig populære. Det er allereie stor aktivitet i området og aktivitetsparken blir mykje brukt av skule, barnehage, lag og organisasjonar for born og vaksne og ikkje minst av LHL-Vest Telemark som har organiserte turar kvar tysdag og som har arrangement kor deltakarane grillar og kosar seg. Gapahuken me planla vart ein flott padlehuk; noko me ser oss svært godt nøgd med. Området har blitt meir attraktivt og aktivitetsparken har blitt ein mykje bruka møteplass for innbyggjarane i Kviteseid, men òg for besøkande frå nabokommunar. Den brukast og av turistar i sommarsesongen. Koronapandemien har og resultert i at enno fleire enn ein kunne håpe på nyttar naturen til trening og rekreasjon.

Oppsummering og videre planer

Me har gjennomført eit vellykka prosjekt som har innfridd målet om å lage eit helsefremjande lavterskeltilbod. Me har fått den møteplassen alle ynskte seg, ein aktivitetspark der ein kan drive med fysisk aktivitet og vere sosiale saman. Saman med kommunen vil Kviteseid Jeger- og Fiskerforening stå for vedlikehald av turvegen og LHL Vest-Telemark vil ha tilsyn av sjølve rasteplassen. Foreiningane bak prosjektet vil helde fram med aktivitet i parken, og saman med lag og foreiningar vil kommunen helde fram med å utvikle området. Det er mellom anna planar om å sette opp treningsapparat i området.

Prosjektleder

Ingebjørg Draugedal

Detaljer
Program
Helse vår (2019)
Prosjektnavn
Aktivitetspark for alle i Kviteseid
Organisasjon
LHL
Beløp Bevilget
2019: kr 208 000
Startdato
01.08.2019
Sluttdato
29.06.2021
Status
Under gjennomføring