Trimprogram for dei elste eldre

Søknadssammendrag

Det er eit stort problem at dei eldste eldre, både dei heimebuande og dei som er på institusjonikkje har noko aktivitetstilbod. Vi skal få laga eit digitalt treningsprogram først på CD og deretter legge det ut på YouTube eller helst få det inn på programutvalet til NRK.

Trimprogrammet skal spelast inn ved Ravneberghaugen rehabiliteringssenter som har trimprogram som passar for denne målgruppa. Dei har veldig flinke instruktørar og vi har fått avtale med ein av dei som får ansvaret for innspelinga.

Programmet er utarbeidt av Ravneberghaugen rehabiliteringssenter og deltakarane vil utføre øvelsane til fengande musikk, medan dei sit på ein stol. Deltakarar blir personar som p.g.a. alder eller funksjonshemningar har problem med å delta i vanlege trim og treningsaktivitetar. Instruktør er fysioterapeut Kristian M. Bye, og produksjon står Chris Wilhelmsen for. Som nevnt er dette eit treningsprogram for dei som har problem med å delta i andre treningsaktiviteter, men det er og eit verdifullt tilbod til mange andre. Dette opplegget kan nyttast av alle heime i deira eiga stove.

På ein institusjon kan den aktuelle målgruppa samlast foran eit TV-apparat og fylgje programmet, uten at ein treng å vere avhengig av ein spesialutdanna instruktør.

Vi meiner dette er eit opplegg som kan nyttast på landsbasis. Vi vil difor starte med å informere landsomfattane foreiningar og medlemsblad og be dei informere sine medlemmer. Desuten er det viktig å ta kontakt med kommunar og frivillege slik at opplegget kan takast i bruk på dei mange sjukeheimane rundt om i landet.

Oppstart er sett til 28. mai og innspelinga skal vere klar og godkjent innan 30. juni. d.å.

Prosjektleder

Dagunn Klakegg

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for besøk og aktivitet
Prosjektnavn
Trimprogram for dei elste eldre
Organisasjon
Pensjonistforbundet
Beløp Bevilget
Kr 57.000
Startdato
08.04.2022