Søknadssammendrag
Bakgrunn for prosjektet/tiltaket
Bakgrunnen for fotoboka «Eg meiner det var dette som skjedde»/«I believe this is what happened» er det store engasjementet utstillinga «Hjernen er deg!» (2022-23, vinnar av Helseprisen 23) skapte dei 6 stadene den blei sett opp, og der 11 fotografar tematiserte hjernehelse. Mitt tema var «Barnehjernens utvikling». Responsen vi mottok viste at publikum hadde fått nye perspektiv på hjernehelse og tidlege barneår, og blitt interesserte i å lære meir. Vi såg eit tydeleg behov for større kunnskap om hjernen og tidlege år, eit fokusskifte frå motoriske bragder til emosjonelle og sosiale aspekt. Frå første graviditeten til kona mi (2017) avtalte eg med meg sjølv å følgje barnets liv med kamera kvar dag, noko eg har følgd opp etter at den andre dottera vår blei født (2021). Prosjektet er ei vidareføring av materialet i «Hjernen er deg!», og blir utvida frå 12 til 80 foto. Fokuset er også her på barns utvikling, men inkluderer relasjonar, samspel og familiedynamikk (fødsel, det å få eit søsken). Det personlege utgangspunktet har gjenkjenningsverdi og vil nå eit breitt publikum: helsearbeidarar, fotointeresserte og publikum i alle aldrar. Målsettinga er å formidle kunnskap gjennom fotobok, utstilling og helsearenaer, og gi publikum større forståing og viktige perspektiv på barns utvikling.
Aktivitet/tiltak/metode
Boka vil bli distribuert landsdekkande og internasjonalt ved arrangement, utstilling, fotobokmesser og -festivalar. Som i «Hjernen er deg!» vil materialet bli supplert med fagtekst av både pedagog med kompetanse på barnets utvikling og av nevrolog. Denne faglege ramma vil legge til rette for formidling utover det reint fotokunstfaglege, som foredrag om barnehelse og hjernehelse og i form av informasjon til ulike ulike profesjoner som jobber med barn. Vi vender oss også til barn og foreldre i barnehage og skoleklasser. Målgruppa er både allmennpublikum, oppvekst- og helsesektor, ettersom vi har sett at det er behov for og ønske om kunnskap hos desse gruppene. Intensjonen er å gjere perspektiv på barns utvikling tilgjengeleg for alle relevante målgrupper, noko «Hjernen er deg!» viste er mogleg, og som derfor gjer at vi vågar å vere ambisiøse. Det nytenkande i å bruke kunst/foto i slikt arbeid er ein verdi i seg sjølv, ettersom vi veit det vil vekke oppsikt og engasjement. Evalueringa vil basere seg på salstal, distribusjon og medieoppslag på den ene sida, og på den andre tilbakemelding frå publikum, arrangementsdeltakarar og responsen Hjernerådet sjølv mottar frå sine nettverk. Vurdering av personvernomsyn er gjort med tanke på kjernen i prosjektet, dvs. portrett av barn. Dette er ei velkjent problemstilling i fotofeltet (for eksempel vårens utstilling på Fotografiens hus om mor-dotter-relasjonar). Dei fotograferte og næraste pårørande er avklarte med prosjektet både kva gjeld bok og utstilling og barna har også tidlegare vore utstilt og presentert i bøker og brosjyrar. Dei er stadig med på samtale omkring dette, noko som blir viktigare jo eldre dei blir. Eventuelle utfordringar er knytt til å nå publikum. Samarbeidet med Hjernerådet er derfor avgjerande. Etter lansering blir det løpande dialog mellom prosjektgruppe og søkarorganisasjon, og vi brukar erfaringane frå «Hjernen er deg!» for å tenke kreativt rundt både utfordringar og moglegheiter som måtte dukke opp.
Antall deltakere
1000
Forventet virkning av aktiviteten/tiltaket
Gjennom «Hjernen er deg!» (Helseprisen 2023) har vi lært at fotografia har skapt større medvit om kor viktige dei tidlege åra i eit barneliv er, og vi har sett eit behov om meir kunnskap. I eit samfunn der små barn brukar stadig meir tid framfor skjerm, er det ekstra viktig å opplyse om at dei formative åra krev større merksemd frå foreldre, at involvering på andre måtar er nødvendig. Mens mange framleis har fokus på «ytre» og ofte motoriske, milepelar (som at barna lærer seg å gå, svømme), skjer det tusenvis av små ting kvar einaste dag, som er med på å forme barnet. Det er viktig å legge til rette for at barna sosialiserer, er kreative, kommuniserer, eksperimenterer og leiker fritt for å finne ut av ting på eiga hand. Det viktige i at føresette både må forstå dette og også delta i utviklinga til barnet med desse fagkunnskapane som grunnlag, er noko vi veit at publikum tok til seg gjennom utstillinga, og er derfor hovudfokuset også i dette prosjektet. Vi meiner at det utvida materialet i boka og formidlinga av dette vil føre til refleksjonar rundt og haldningsendringar til barnas kvardag. Ein sentral lærdom frå «Hjernen er deg!» er at det var nettopp den unike kombinasjonen av kunstfoto, dokumentarfoto og formidling som skapte nysgjerrigheit. Fotointeresserte gjekk frå å kikke på bilda til å lese dei tilhøyrande fagtekstane. Dei fagleg interesserte enda opp med å studere bilda. Vi såg at det blant dei ulike seksjonane (demens og hjerneoperasjon etc.) var fotografia av barn som tiltrekte seg folk. Her hadde publikum noko til felles: Identifikasjon. Dei vaksne møtte både sin eigen barndom og eigne barn i desse bilda, mens barna møtte «sine eigne». Det er eit engasjement rundt barnerolla i formidling, noko allmenngyldig som vi ser som ein styrke i prosjektet.
Plan for gjennomføring
Oppstartsdato er 2.8.24. I løpet av seinsommaren vil Leardini og Forsang redigere eit utval frå eit større fotomateriale. Prosjektleiar skal bidra med diskusjonar samt finne relevant materiale som enno ikkje er gjennomgått av forlaget. Han skal samtale med Anne Greve om faglege perspektiv på utvalet og også samarbeide om ein tekst til boka. Greve er med i forkant, men bidrar også undervegs med innspel og faglege rettleiing. Hausten 2024 skal ei bokskisse føreligge. Justeringar kan førekomme etter dette. Boka vil bli designa oktober/november. Den vil vere på 128 sider, innehalde 80 fargefoto, og ha formatet 17×23 cm. Prosjektleiar skal utarbeide ein tekst som skal stå på eit 8-siders legg i boka. Denne vil ha eit personleg utgangspunkt og vere knytt til det konkrete arbeidet med fotograferinga gjennom åra, men vil også tangere fagperspektivet. Så snart design og korrektur er gjennomført, startar prøvetrykk. I januar blir endeleg materie sendt til trykk, boka skal vere ferdig trykt i løpet av februar. Lanseringa blir mars/april 2025. Det vil bli gjennomført ein artist talk og utstilling. Våren 2025 vil det bli arbeidd mot messer og festivalar for å få presentert boka gjennom året. Her vil Hjernerådet bidra med å finne aktuelle arenaer. Det vil føreligge ein konkret plan for institusjonar og personar vi ønsker å nå med formidlinga, og som også kan vidareformidle. Vi vil ha eit visuelt rammeverk for presentasjon (film/foto). Det vil bli oppretta møtepunkt mellom prosjektgruppe og søkarorganisasjon etter lansering, der informasjonsflyten så langt blir evaluert, slik at revurderingar og eventuelle nye grep kan tas. Fagtekstmaterialet til Anne Greve vil akkompagnere informasjon om bokprosjektet. Medisinskfaglige tekstar blir kvalitetssikra av fagpersoner tilknytt Hjernerådet