Auka livskvalitet på sykeheimen

Søknadssammendrag

NKS Hornindal Sanitetslag hadde Kløvertur 1 gong pr. veke der vi tok med pasientar ut på tur. Pga smittevern tiltak har sjukeheimen vore stengt. Vi ønskjer å oppretthalde det frivillige tilbodet og bedre tilbod om fysisk, psykisk og sosial stimuli til dei eldre på sjukeheimen, som har fått redusert livskvalitet i form av redusert sosial deltaking i møteplassar, aktivitetar for eldre og fysisk aktivitet.

Målgruppa: Pasientar som fyller kriteria for å kunne bruke Motiview syklar aktivt, og dei som kan bruke sine sansar til å få med seg filmen og det sosiale fellesskapet i området ved syklane kan/vil ha helsegevinst av aktiviteten.

Metode:Utvelgelse av deltakarar/pasientar ved faglig vurdering av helsepersonell knytt opp til sjukeheimen. Brukarmedvirking med kommunikasjon og formidling mellom helsepersonell, pasient/deltakar og pårørande vert sett i fokus. Involvering av pasient og engasjement om det helsefremjande tilbodet,og å gjere det til ein positiv aktivitet i kvardagen for pasienten er viktig. Det vil bli utarbeida skjema for registrering av deltakarar i prosjektet, helseeffekt, fallfrekvens, gjennomføringskapasitet og trivsel. Ei enklere registrering av dei som ikkje syklar, men kan ha helsegevinst ved å nytte andre sansar i eit sosialt fellesskap.

Tidsplan:Oppstart mars/april 2021. Evaluering september 2021 og februar 2022.

Prosjektperiode fullført m/evaluering/vidareføring av tilbod juni 2022

Målsetting/forventa resultat: Tilbodet bidrar til at dei eldre får auke sine fysiske og sosiale behov med impulser gjennom sykling med tilrettelagde syklar. Det vil gi helseeffekt med redusert fallfare, forebygging mot lårhalsbrudd, betre søvn, sanseoppleving gjennom film og auka livskvalitet. Ved å ta i bruk Motiview og besøksverter vil ein praktisk oppretthalde sosialt/fysisk aktivitetstilbod til den eldre som pga. smitteverntiltak har fått det redusert. Motiview er ei av løysingane som vert fremma i «Leve hele livet» – Kvalitetsreformen som skal løfte kvaliteten på tjenestene og bidra til trygg og verdig alderdom.

Prosjektleder/forsker

Jorunn Anne Remme Tomasgard

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Auka livskvalitet på sykeheimen
Organisasjon
Norske kvinners sanitetsforening
Beløp Bevilget
Kr 300.000
Startdato
17.02.2021