Dei utfordrande relasjonane

Søknadssammendrag

Prosjekttema (på norsk)

Når unge vaksne med nedsett kognitiv funksjon flyttar inn i eigen heim, er dei svært ofte avhengig av hjelp frå den offentlege helse og omsorgstenesta for å meistra dagleglivet. Foreldra vil også som oftast spela ei sentral rolle. Dette prosjektet tek sikte på å utforske relasjonane mellom unge vaksne, foreldre og tenesteytarar. Dette har eg kalla for ein “tre-partsrelasjon”. Når denne tre-partsrelasjonen fungerer godt, er det eit samarbeid som vil kunne bidra til utvikling, vekst og eit godt vaksenliv. Fungerer det derimot dårleg så vil det kunne bidra til at vaksenlivet vert eit liv prega av konflikt. Problemstillinga er: Korleis fungerer makta i relasjon mellom «unge vaksne», foreldre og tenesteytarar, og kva posisjonar er tilgjengeleg i diskursane dei er i? Bakgrunnen for prosjektet er at der relativt lite forsking på tema, og det er behov for å få utvikle meir kunnskap om tema, Meir kunnskap om kva som skjer i desse relasjonane vil kunne bidra til å betre tenesteytinga. Metoden for datainnsamlinga er kvalitativ. Når ein skal utforske eit tema som er komplekst slik dette er, så vil case studie vera eigna. Studie vil ha tre case frå tre ulike kommunar. Kvar case vil bestå av ei utval frå ei personal gruppe ( fem personar), 3- 4 unge vaksne med nedsett kognitiv funksjon, og 3 – 4 foreldrepar. I prosjektet skal det vera eit brukarforum som ikkje høyrer til sjølve studiet, men vera ei referansegruppe til prosjektet, I dette prosjektet er tre aktørar som alle har status som brukarar; unge vaksne, foreldre og tensteytarar. Medlemmene vil bli rekruttert frå mellom anna brukarorganiasjonar, fagforeiningar. Sjølve datainnsamlinga vil vert gjennomført på fleire måtar: Djupeintervju med unge vaksne. Djupdeintervju med foreldre, fokusgruppeintervju ned tenesteytarar og observasjonar av ansvargruppemøter, der det er aktuelt. Tidsplanen for prosjektet er tre år, med forventa oppstart i januar 2017, og sluttførast innan januar 2020. I prosjektet skal det utviklast tre artiklar som skal publiserast både nasjonal og internasjonalt. Å delta på konferansar og seminar for å kommunisere kunnskap ut til feltet vil vera viktig for å bidra til å bygge kompetanse på området

Prosjektleder

Vigdis Reisæter

Hovedveileder

Jan Grue

Detaljer
Program
Forskning (2016)
Prosjektnavn
Dei utfordrande relasjonane
Organisasjon
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
Org.ledd
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Beløp Bevilget
2017: kr 700 000, 2018: kr 710 000, 2019: kr 730 000
Startdato
31.07.2017
Sluttdato
01.06.2022
Status
Avsluttet