Middagsmøter

Søknadssammendrag

Bakgrunnen for prosjektet er at aktivitetar i Stad kommune retta mot eldre i stor grad har vore nedlagt på grunn av koronapandemien. Når no restriksjonane gradvis blir letta og fleire og fleire eldre vert vaksinerte, ser vi eit godt høve for å skape ein arena der eldre, og da særleg sårbare eldre, kan møtast.

Prosjektet blir gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom Seniornett Eid og Eid pensjonistlag. Prosjektet kjem i tillegg til den ordinære aktivitet som desse to laga har planlagt for sommaren – hausten 2021.

Det vil bli arrangert 3 middagsmøter og 4 datakafear med lunsj. På møta og kafeane blir det grunnleggande undervisning i datakunnskap, tilpassa deltakarane sin ønskjer, og kulturelt innslag i tillegg til god tid til samtale og sosialt samvær. For å kunne få god kontakt med deltakarane blit talet deltakarar avgrensa til 15 -20 personar. For dei som kjem inn under målgruppa blir det ikkje stilt krav om medlemskap i Eid Seniornett eller Eid Pensjonistlag.

Det blir forventa at vi gjennom desse møta kan nå til saman ha 80 – 100 deltakarar.

Prosjektleder/forsker

Eiliv Berdal

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Middagsmøter
Organisasjon
Seniornett
Beløp Bevilget
Kr 66.000
Startdato
19.04.2021