Søknadssammendrag
Bakgrunn for prosjektet
Altfor mange av bebuarane på sjukeheimen og brukarane av helsetenestene har passive og inaktive dagar. Helsepersonell er allereie pressa på tid, og har lita tid til andre aktivitetar utanom pleie og stell. Kommunen er heilt avhengige av frivillige hender for å gje bebuarane på sjukeheimen eit godt tilbod, også når det gjeld fritidsaktivitetar. Fjaler kommune ynskjer difor saman med Fjaler helselag og kjøpe inn sykkeltaxi, og samarbeide om å rekruttere og lære opp frivillige sykkelsjåførar som kan sykle eldre bebuarar på tur i nærmiljøet.
Målsetting for prosjektet
Skape aktivitet, livsglede og livskvalitet for eldre menneske og menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsnivå. For personar som har problem med å forflytte seg, vil det å sitje på ein sykkel, få vind i håret og farte rundt i nærområdet gje glede og gode opplevingar
Målgruppe
Brukarar av helseteneste i Fjaler kommune, særleg bebuarar på sjukeheim/omsorgsbustader og personar med utviklingshemming.
Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå
150
Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet
Prosjektet, som er å få fleire eldre ut på tur, skal gjerast i eit samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Tilsette i helsetenestene spring allereie føtene av seg, og vi veit av folketalsframskrivingar at utfordringa med å få nok hender i omsorgstenetsa vil bli vanskeleg i åra framover, då tal på eldre aukar og tal på folk i arbeidsfør alder minkar. Samarbeid med frivillige lag i kommunen, med Fjaler helselag i spissen, skal gjerast ved å rekruttere sykkelkontaktkar som kan sykle pasientar/bebuarar på tur. Framgangsmåten: 1) Prosjektleiar vil informere i ulike frivillige lag og organisasjonar om sykkeltaxi. Fjaler helselag i spissen, men også lokalt pensjonistlag og eldreråd vil vere viktig å informere. 2) Oppmode kvart lag om å rekruttere 5 sykkelkontaktar kvar. 3) Ha kurs og opplæring for sykkelkontaktar. 4) Organisere faste sykkelturar/tider for turar med dei frivillige sykkelkontaktane. Fjaler kommune ved driftsentralen/vaktmeister er ansvarleg for vedlikehald av syklane etter innkjøp. Tilsette i Fjaler kommune vil vere ansvarleg for samarbeid og rekruttering av frivillige. Det sikrar prosjektet si levetid etter enda prosjektperiode.
Fremdriftsplan for prosjektet
Juli/August 2018: Oppstart med demonstrasjon av sykkel August – Oktober 2018: Rekruttering og opplæring av frivillige Oktober 2018 – Mars 2019: Spreiing av informasjon og rekruttering av fleire sykkelsjåførar April 2019: Vårslepp April/Mai: Ny runde med rekruttering og opplæring av frivillige
Sluttrapport
Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet
Bakgrunn for prosjektet var eit ønske om å få fleire eldre bebuarar i institusjon ut på tur i eige nærområde. Målsettinga har vore å skape aktivitet, livsglede og livskvalitet for brukarane. Vidare mål har vore at syklane vil vere med på å skape glede og trivsel for eldre menneske og menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsnivå. For personar som har problem med å forflytte seg, vil det å sitje på ein sykkel, få vind i håret og farte rundt i nærområdet gje glede og gode opplevingar. Målgruppa for prosjektet har vore brukarar av helse- og omsorgstenestene i Fjaler kommune. Den eine sykkelen står på sjukeheimen, og målgruppa vil vere alle bebuarane på sjukeheimen, i omsorgsbustadane, dagpasientar og heimebuande som vert dekt av heimesjukepleien. Den andre sykkelen står på Øyra/Svehogen, der tenestene som yter hjelp til personar med utviklingshemming i kommunen held til.
Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)
1) På begge dei to plassane syklane er plassert, dagsenteret på sjukeheimen og tenesta for utviklingshemming, rapporterer om stor bruk av syklane. Spesielt i sommarhalvåret har det vore dagleg bruk frå sjukeheimen, med opp mot 10 passasjerar dagleg. 2) Vi har ikkje lukkast med samarbeidsprosjektet med vidaregåande skule om intervju av bruk. Det var meir omfattande enn først tenkt med tanke på etiske omsyn og personvern. 3) Dette har vore gjort, og ein har gjort fleire justeringar basert på tilbakemeldingane som har kome inn. Deriblant betre opplæring, skriftleg informasjon, innkjøp av sykkeljakker og spegl på syklane.
Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet
150
Prosjektgjennomføring/Metode
Syklane vart kjøpt inn til sommaren 2018. Dei vart raskt tatt i bruk, og med det gode veret som var denne sommaren var dei mykje i bruk. Sommarvikarar og fast tilsette tok utfordringa på strak arm, og syklane var mykje i bruk desse første månadane. Ein hadde gjennom sommaren fokus på å rekruttere frivillige. Lions Club Fjaler er ein frivillig organisasjon som har vore sterkt involvert i å promotere syklane. Dei har hatt stand og demonstrasjon med syklane på den årlege torgdagen i august, og elles jobba med å spreie informasjon om syklane. Gjennom året har ein særleg på sjukeheimen fått til eit samarbeid med eit lite tal frivillige. Her har ein faste frivillige som kjem og syklar turar i nærområdet. Ein har heilt klart lukkast med målet om å få fleire eldre ut på tur, og gje dei eldre gode opplevingar ute i nærmiljøet.
Resultater og resultatvurdering
Midlane ein fekk i prosjektet var til innkjøp av syklar. Resten av prosjektet handla om å skape eit formelt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Vi ser at her har vi ikkje lukkast i like stor grad som ønska. Men, denne delen av prosjektet er ikkje avhengig av prosjektmidlar, og meininga var heile tida, som skildra i søknaden, at denne delen skulle fortsetje etter at prosjektperioden var over. Ansvaret for det frivillige samarbeide ligg hos einingane som har syklane. Dei vil gjere eit til forsøk no i haust på å skaffe frivillige sykkelsjåførar som kan fungere for sykkelkontakt for ei lita gruppe. Ein har frivillige som syklar, både enkeltpersonar og lag, men det formelle samarbeidet og strukturen på det manglar. Det er ei utfordring som går igjen i det meste samarbeid med frivillige frå kommunen si side.
Oppsummering og videre planer
Vi har i stor grad lukkast med å gjennomføre prosjektet. Midlane har vore brukt til formålet, og hovdumålet om å skape aktivitet, livsglede og livskvalitet for brukarane har ein utan tvil lukkast med. Vidare framover skal vi opprette sykkelkontaktar som har ansvar for å lære opp nytilsette, rekruttere frivillige og sørge for at bebuarane får tilbod om sykkeltur framover. Desse vil også ha eit ansvar for å vedlikehalde syklane og sjå til at der er nødvendig utstyr som trengst.