Kulturtime med ny vri for eldre på Radøy

Søknadssammendrag

Frivillige frå lokallaget LHL Radøy har faste innslag i kulturtimen ein gong i veka på sjukeheimen på Manger. Lokallaget har og trimgrupper, seniordans og samlingar. Grunna koronapandemien har aktivitetane vore avlyst sidan mars 2020. Me er kontakta av eldre som no er mykje isolert og som saknar tilboda og møteplassane våre, og våre vener på sjukeheimen spør etter oss. Difor kom idéen om å laga eit alternativt opplegg for kulturtimen; ein film med ulike kulturinnslag som dei eldre kan kjenne seg att i og som kan vere med å gje glede i kvardagen i ei elles trasig tid.

Målet er at filmen skal oppmuntre og skape gjenkjenning og lede til godprat. Filmen skal ha song- og musikkinnslag dei eldre kjennar att, intervju med kjende lokale folk og presentasjonar frå og om kjende stader i nærområdet, tradisjonar og handverk osv. Det er gjort avtale med filmskapar og fleire lokale personar er spurd om å delta i filmen. Filmproduksjonen skal gjennomførast mai-juni 2021, og filmen vil vera klar for framsyning hausten 2021.

Me skal og skape ein møteplass i eit lokale på Manger der heimebuande eldre på Radøy skal inviterast til framsyning av filmen. Me vil til ein kvar tid helde oss til gjeldande smittevernreglar når det gjeld talet på personar som kan møtast kvar gong og smitteverntiltak vil sjølvsagt vere på plass. Lokallaget og heimetenesta i kommunen vil spreie informasjon om og invitasjon til desse eldretreffa.

Me voner prosjektet kan gje dei eldre eit livgivande innhald i ei tung tid med mykje isolasjon. Me er overtydd om at filmen vert godt motteken; at innhaldet vil engasjere og glede, både dei som bur på sjukeheimen og dei som sit heime. Den kan få i gang drøsen om tidlegare tider. Kan hende sjå noko dei kunne før. Slikt vekkjer gode minner.

Prosjektleder

Berit Olivia Kvalvik

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Kulturtime med ny vri for eldre på Radøy
Organisasjon
LHL, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke
Beløp Bevilget
Kr 210.750
Startdato
26.04.2021