Trenings- og samtalegruppe for pårørande

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet

LPP Søre Sunnmøre står for Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse for kommunane Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven i Møre og Romsdal. Pårørande vert oftast involverte når barn, ektefelle/samboer, søsken eller foreldre blir ramma av psykisk sjukdom. Mange pårørande får stor påkjenning av ansvaret som ligg i det å ta vare på den sjuke og vere den som står på for at pasienten får god nok behandling eller hjelp til daglege oppgåver. Sjølv den sterkaste pårørande kan trenge eit pusterom med fysisk og psykisk påfyll når sjukdom hos den nære varer over tid.

Målsetting for prosjektet

Gjennomføre eit trenings-, og samtaleprosjekt for 15 pårørande til psykisk sjuke i to kommunar, Ørsta og Volda, ein gong per veke i 20 veker fordelt på hausten 2017 og 1. halvår 2018.

Målgruppe

Pårørande til psyksisk sjuke i Volda kommune og Ørsta kommune.

Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå

20

Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet

Gjennomføre 20 trenings- og samtaleøkter à 2-2,5 time. Annonsere og invitere LPP-medlemmer og andre interesserte til informasjonsmøte der vi presenterer kursrekkja. Aktivitetane består av trenings- og avspenningsøkter med fysioterapeut, tur på fine skogsstiar og to temakveldar, ein haust og ein vår. Kvar gong avsluttar gruppa med samtale i lag med ein eller fleire likepersonar og lett servering. Vi leiger fysioterapeut med god kunnskap om trenings- og avspenningsformer som egnar seg for denne gruppa. Vi nyttar Frisklivssentralen i Ørsta og deira kompetanse og lokale. Treninga vert tilpassa kvar enkelt sin fysiske kapasitet, men med felles avspenningsøvingar som avsluttar kvar treningsøkt. Temakveldane vert mindfullness med profesjonell instruktør og kurs i kosthald og ernæring ved ernæringsfysiolog. Siste kvelden vert det også evaluering av kurset.

Fremdriftsplan for prosjektet

September 2017: Start prosjekt med informasjonsmøte. Frå medio september: 2 gonger tursti og samtalegruppe. Oktober-November: 7 gonger trenings og samtalegruppe, Medio november: Kurs med mindfulnessinstruktør. Januar-februar 2018: 7 gonger trenings- og samtalegruppe. Mars: Temakveld med ernæringsfysiolog. April: To kveldar på natursti, samtalegruppe. Siste kvelden med evaluering.

Sluttrapport

Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet

Målsetjinga var å gjennomføre eit trenings-, informasjons-, avspennings- og samtaleprosjekt for 15 pårørande til psykisk sjuke i kommunane Ørsta og Volda. Psykisk sjukdom artar seg forskjellig, men oftast vert pårørande involvert og får store påkjenningar i alt ansvar med å ta vare på den sjuke. Den pårørande treng sjølv eit tilbod for å få eit pusterom som gjev både fysisk og psykisk påfyll. Dei som er i arbeidslivet må aktivt førebyggje slitasje slik at dei kan halde fram i jobben. Nokre pårørande har falle ut av arbeidslivet på grunn av store påkjenningar. Også desse treng påfyll for å hindre vidare forfall og som ei investering i framtidig helse. Det same gjeld pårørande som er komne i pensjonistalder. Samfunnet tener på at alle desse pårørande treng mindre helsehjelp og kan støtte og hjelpe sine psykisk sjuke vidare.

Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)

Deltakarane var smålåtne i sine forventningar til prosjektet. Det viktigaste var at det var eit lavterskeltilbod som starta forsiktig i både type aktivitet, tempo og oppfølgjande samtaler. Dermed var det full score på evalueringa halvvegs i prosjektperioden og på sluttevalueringa. Punkt som deltakarane kom med i skriftleg sluttevaluering: kome i gang å trene og å halde fram over tid, fleire i lag er kjekt, erfaringsutveksling, ny kunnskap, første gong på eit treningssenter – har brote ein barriere, godt med uttøying og avspenning etter treninga, viktig med pratestunda med likeperson til stade, positive til kursa i mindfulness og kosthald – fekk tips og råd som er gode å ta med vidare, nøtter, frukt og grønt er god kosemat, smoothie er ein fin måte å få i seg frukt og grønt når ein ikkje likar det “naturell”, dette tilbodet håpar vi vil halde fram vidare!

Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet

15

Prosjektgjennomføring/Metode

Invitasjon til informasjonsmøte om prosjektet vart annonsert i lokalavisene Møre og Møre-Nytt, sendt ut til medlemmer og formidla til psykisk helse-etatane i Volda og Ørsta. Leiar for Topp Trening deltok med informasjon i lag med prosjektleiar. Dei to første gongane starta med turar i lett terreng og med god tid til samtale og servering av sunn mat og drikke til avslutning, Vidare heldt vi fram med sju gonger trening på helsestudio Topp Trening. Her hadde vi eigen trener som la opp program for kvar enkelt person og følgde oss opp undervegs. Kvar treningsøkt vart avslutta med uttøying og avspenning i eige rom. Deretter gjekk vi til eit eigna lokale for samtale med likepersonar til stade og fekk servert nøtter, frukt, grønnsaker, vatn og smoothie. Siste gongen før jul var det kurs med mindfulnessnstruktør Hanne Suorza. Etter nyttår heldt vi fram med same program som før på Topp Trening, før vi hadde kurs i ernæring ved Nupen Kost og Helse. Siste kveldane vart gjennomført med skogsturar før evaluering av prosjektet .

Resultater og resultatvurdering

Gruppa var planlagt med max 15 personar. Talet varierte, men vi var frå 10 til 12 personar jamt over. Ein person flytta frå distriktet, for ein annan kolliderte det med anna aktivitet, ein person oppheldt seg tidvis i Spania, ein person fekk alvorleg sjukdom, men elles var det ein trufast gjeng som deltok heile vegen. Alle deltakarane er pårørande til psykisk sjuke og står for store hjelpeoppgåver. Dei fleste sjuke er tilknytta psykiatritenesta i kommunen, men har likevel behov for hjelp og tilrettelegging. Gjennom prosjektet har fleire av deltakarane fått forslag til tiltak frå dei andre i gruppa og på den måten fått frigjort tid for seg sjølv. Den fysiske helsa er blitt betre gjennom trening, som gjev betre søvn, og mange meinte at eiga psykiske helse vart betre. Deltakarane følte seg trygge i gruppa der det var teieplikt for alle og dermed var dei sikra at ingen gjekk vidare med det som kom opp av personlege ting. Alle deltakarane vurderte prosjektet som eit løft for eiga helse.

Oppsummering og videre planer

Prosjektet har vore positivt motteke og viser at dette er ein mal som bør følgjast vidare. Kombinasjonen fysisk aktivitet, samtalegruppe med likeperson, informasjon, kursing og ikkje minst erfaringsutveksling, fungerte bra. Organisasjonen vil legge tilrette for vidare aktivitet i Ørsta og Volda og arbeide for at dei andre kommunane på Søre Sunnmøre får i gang liknande tiltak. Vanylven kommune ved psykiatri- og rustenesta har hatt oppstart med hjelp frå LPP Søre Sunnmøre hausten 2018. Store avstandar gjer det viktig med lokal tilpassing så det ikkje blir for lang reiseveg for den enkelte.

Prosjektleder

Aashild Haugland Haram

Detaljer
Program
Helse vår (2017)
Prosjektnavn
Trenings- og samtalegruppe for pårørande
Organisasjon
Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse
Beløp Bevilget
2017: kr 50 000
Startdato
31.08.2017
Sluttdato
29.06.2018
Status
Avsluttet