Digital røsle for eldre
Søknadssammendrag
Bakgrunnen for prosjektet er å tenkje nytt i korleis motverke einsemd og auke aktivitet for eldre under pandemien. Prosjektet skal skape sosiale møteplassar der eldre trenar digitalt. Det vil fremme levekår, fysisk og psykisk helse. Digitalt trening saman i små grupper med eigen trenar som sikrar tryggheit og mestring for kvar enkelt. Sosial deltaking i ei gruppe der kvar enkelt blir sett og høyrd. Ein møter ei fast gruppe jamleg, ein forpliktar seg og opplever tilhøyr.
I prosjektperioden skal det være 100 deltakerar i perioden februar til juni. Målsetninga er å ha 20 grupper som trener ein dag i veka. Prosjektet skal være motiverande og tilrettelagt for å unngå fråfall. Eit anna mål er å skape økt tryggheit og motivasjon til å bruke digital møteplass, motivasjon for trening saman og til å trene jamleg. Måla vil bidra til mindre einsemd, meir aktivitet og økt digital kompetanse blant eldre. Deltakerane skal svara på spørjeskjema, resultata dannar grunnlag for sluttevaluering.
Primærmålgruppa er godt vaksne og eldre, frå 65 år. Einsame, og dei som ynskjer å trene saman med andre i mindre grupper.
Prosjektet startar opp 07.12.2020. Det er no me treng å gjere noko for dei eldre i samfunnet. Mange sit no mykje i ro heime hos seg sjølv, aleine.
Forventa resultat av prosjektet er at fleire eldre blir både fysisk aktive og digitalt aktive. Økt mestringstru både for eiga trening, sosial digital deltaking og digitale verktøy. Dei vil bli sterkare og få betre balanse, som vil førebyggje fall. Økt digital forståing gjer at dei vil kunne kommunisere med familie og vener digitalt, samt bidra til at dei lettare vil kunne bruke digitale verktøy som samfunnet no legg opp til. Eit eksempel er at alle skal sjekke resultat etter Covid-19 test digitalt, dette må ein ha digital kompetanse for å meistre.