Tiltak for eldre over 80 år Gloppen kommune

Søknadssammendrag

Styret i Gloppen helselag har fått spørsmål frå ulike hald om vi kan bidra til å gje litt lys i kvardagen til eldre no i koronapandemien, både heimebuande, buande i trygdebustader, bufellesskap og på omsorgssenteret.

Vi ynskjer å bidra ved å nå alle eldre i vår del av kommunen med ei oppmuntring i ein stille kvardag. Vi har sett oss aldersgrensa til dei over 80 år.

Målet er at vi skal nå alle heimebuande med ei personleg helsing, levert på døra. Vidare har vi som mål å nå alle i bufellesskap og trygdebustader med felles arrangement, der dei enten er tilhøyrarar til kulturelle aktivitetar, deltakarar i sosiale samlingar eller som aktive deltakarar i aktivitetar der dei sjølve er med og bidreg.

Vi ser føre oss fire delprosjekt som må gjennomførast i tråd med dei til kvar tid gjeldande reglar for smittevern:
1. Ei personleg helsing til alle heimebuande levert på døra
2. Bakedag på Felleshuset før jul 2021
3. Små konsertar spreidde utover gjennom året og på ulike stader der dei eldre bur,
særleg i bufellesskap og omsorgsbustader
4. Søndagskafe med lett underhaldning og gode kaker

Delprosjekt 1 er starta opp ved at vi har kartlagt kven dei er og kvar dei bur, og vi har tinga blomar til alle. Dette vil bli utført før jul 2020.

Dei andre prosjekta vil bli spreidde utover 2021, og her vil vi vere litt avhengige av smittesituasjonen og dei til kvar tid gjeldane reglane for smittevern.

Dette er ei målgruppe som er lette å glede, og som er takksame for lite. Av røynsle veit vi at mange gledar seg stort i førekant av annonserte arrangement. Det trur vi nok også vil vere tilfelle for dei vi håpar å nå med dei tiltaka vi har fått støtte til.

Prosjektleder

Magnhild Ravnestad

Detaljer
Program
Frivillighetens program for besøk og aktivitet for sårbare eldre
Prosjektnavn
Tiltak for eldre over 80 år Gloppen kommune
Organisasjon
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Beløp Bevilget
Kr 200.000
Startdato
23.11.2020