Trivsels- og velferdshage på Hellesylt
Søknadssammendrag
Prosjektet inneber å leggje til rette for bebuarane uteområdet ved Sunnylven omsorgssenter i Stranda kommune. Omsorgssenteret ligg på Hellesylt, er kommunalt og har 24 plassar, av dette 5 sjukeheimsplassar. Uteområdet, ein stor, grøn plen ligg vakkert til mot fjorden utanfor omsorgssenteret.
Målsetjinga for prosjektet er formulert slik «Skape eit inviterande, aktiviserande og trygt område for bebuarane og vere ein sosial arena, der dei kan møte og vere saman med pårørande og andre personar og grupper i lokalsamfunnet.»
Med relativt enkle midlar vil vi opne opp uteområdet. Det vil bli ein fin og roleg stad med asfalterte gangstiar, benkar, bord og ein paviljong. I tillegg vil vi plante hekk, blomster og busker. Her vil vi få ein god uteplass, tilrettelagt også for brukarar med rullestolar og rullatorar, og her kan dei eldre åleine eller saman med pårørande og andre vere ute i det fri, utan å måtte ta omsyn til trafikk. Dette er såIeis eit tiltak for å motverke einsemd og passivitet hos dei eldre ved å skape ein møteplass for alle bebuarane ved omsorgssenteret.
Prosjektgruppa er pensjonistar som alle er med i styret for Sunnylven Pensjonistlag. Prosjektleiar er Astrid Langeland som også er leiar i Sunnylven Pensjonistlag. Prosjektet vil bli gjennomført i samarbeid med Stranda kommune, pårørandegruppa for Sunnylven omsorgssenter og Sunnylven Sanitetslag.
Prosjektet er planlagt starta opp seinast 1. juni 2021, og det meste av arbeidet vil vere utført i løpet av dette året. Arbeidet vil vere avslutta innan 15. juni 2022.
Når prosjektet er fullført vil bebuarane ha lett tilgang til eit vakkert og tilrettelagt uteområde med nærheit til vakker fjord og vakre fjell og kan gle seg over blomster og busker. Her vil dei kunne vere ute i frisk og rein luft, ta mot besøk frå slekt og venner og treffe andre som kjem innom.