Lydanlegg m/teleslynge i forsamlingslokale
Søknadssammendrag
Prosjektet si målgruppe er medlemar i Breim pensjonistlag, og stort sett eldre over 65 år. Formålet er å gje eldre eit godt tilbod knytta til sosialisering og aktivitet etter ein lang periode med isolasjon og einsemd som følge av til Covid 19.
På desse samlingane vil det ofte vere aktivitetar (taler, sang/musikk, åresalg o.l.) der godt lydutstyr vil vere avgjerande for ei positiv oppleving. Ikkje minst med tanke på aldersgruppa generelt, der mange vil ha nedsett høyrsel.
Vi tek sikte på å gå til innkjøp av utstyret så snart finansiering er avklara, og har alt planlagt aktivitetar (møter, turar) siste halvår av 2021.
Vi vil også bruke prosjektet som eit posistivt element ift.å verve nye medlemar, og såleis kunne gje eit tilbod til fleire.