Eldre i kontakt med lokalsamfunnet

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Kvam herad er ein 80 km lang distriktskommune, med fire mindre sentra. Kommunen har satsa på bygging av eldrebustadar, men mange eldre opplever at dei vert einsame og får lite innhald i kvardagen her. ?Omsorgsbustadar? er ein relativt nyskaping og mange er usikre på kva dette er, og oppfattar bustadane som institusjonar. Omsorgsbustadane er tenkt som utleieeiningar der bebuarane får einskildvedtak som kva dei får hjelp til. I denne samanhengen vert det skild mellom ?helsetenester? og ?sosiale tenester?. I følgje Stortingsmedlinga ?Frivillighet for alle? må det frivillige og offentlege samarbeide om oppgåver i samfunnet. I Kvam er det fleire hundre (!) aktive frivillige organisasjonar, ulikt fordelt i bygdesentra. Nokre av dei driv tiltak for å skapa aktivitet for bebuarane. Problemet er at dette frivillige arbeidet diverre er ujamt fordelt og ofte dårleg kjend av ålmenta. Ved synleggjering og betre informasjon både til ålmenta og mellom involverte partar, vil dette viktige arbeidet verta styrka og dei gode ideane og tiltaka nytta av fleire. Informasjon er og viktig for tilsette sitt engasjement og delaktigheit ved frivillige sin innsats for å skapa aktivitet. Tilsette treng inspirasjon og kunnskap for å ha ei god rolle overfor frivillige. Målet for prosjektet er å legge til rette for auka aktivitet for eldre på omsorgsbustad gjennom kartlegging og systematisering av eksisterande aktivitet, formidling og informasjonsstrategi ved frivillig organiserte tiltak for eldre, samt å legge til rette for generasjonsmøte og kulturmøte. Dette vil vi gjere ved å kartlegge den aktiviteten som finst, sette inn tiltak der det trengst, og samkjøre det frivillige engasjementet som finst i heradet. Målgruppa er eldre på institusjon/ omsorgsbustadar og de mange aktive frivillige lag i Kvam herad. Mange av dei eldre er demente. Sentralt i prosjektet vil være to delprosjekt: a) å nytta AV utstyr som allereie finns til å ta videoopptak eller bilete til å syne aktivitet som skjer i kommunen, t.d. kulturarrangement, skiftande årstider, byggeprosjekt, og syne desse opptaka på omsorgsbustadane; b) å skipe ?Kreative skrivekurs for eldre? som metode for brukarmedverking og betre kommunikasjon med dei eldre. Skrivekurset skal vere ein innfallsvinkel for bebuarane i møte med frivillige å gje kjennskap til den einskilde bebuaren sitt liv for å betre kontakt og tilrettelegging for brukarmedverking. Ofte

kan ikkje bebuaren sjølv formidla dette utan vidare, og ein skriftleg versjon vil vera eit godt hjelpemiddel. Som resultat av prosjektet vil dei eldre få meir kontakt med ålmenta gjennom ulike aktivitetar på omsorgsbustaden sin, noko som er viktig for deira mentale og fysiske helse. Det vil verte betre informasjon og kontakt mellom involverte frivillige organisasjonar og grupper som gjev stordriftsfordelar og betre samarbeid, kvalitetssikring av frivillig aktivitet og sikra meir langsiktig og systematisk arbeid. Prosjektet vil gje inspirasjon til andre kommunar.
Prosjektet er to-årig. Arbeidet vil begynne med å kartleggje dei frivillige aktivitetane som finst, og kva slags informasjon som dei ulike aktørane treng for å gjere ein god jobb for dei eldre. Hausten 2011 skal skrivekurset settast i gang. Vinteren 2012 skal dei personlege ?bøkene? til dei eldre produserast ferdig. Undervegs i prosjektet vil brukarmedverking være viktig og meiningane og ynskja til bebuarane vil vere viktige for aktivitetane i prosjektet. Grannehjelpa står bak søknaden og vil organisera prosjektet. Vi har tidligare motteke midlar frå Helse rehab og har eit pågåande prosjekt med tilsett frivilligkoordinator for å rekruttere og organisere frivillige til å skapa aktivitet for eldre i eit av sentra. Dei mange røynslene frå dette prosjektet gir grunnlag for prosjektet ?Eldre i kontakt med lokalsamfunnet?.

Sluttrapport

Sluttrapport/artikler (pdf)

Sluttrapport_2010_1_0576.pdf

Prosjektleder/forsker

Sidsel Haugen

Detaljer
Program
Forebygging (2010)
Prosjektnavn
Eldre i kontakt med lokalsamfunnet
Organisasjon
Norske Kvinners Sanitetsforening
Org.ledd
Grannehjelpa
Beløp Bevilget
2011: kr 170 000
Startdato
01.01.2011
Sluttdato
01.06.2012
Status
Avsluttet