Søknadssammendrag
Bakgrunn for prosjektet
Pasientar og brukarar som lever med psykiske helseproblem seier at det er avgjerande å ha ei kjensle av å ha kontroll på eige liv, eller vera «skipper i eiga skute». i felrie andre land har dei utvikla kurs og utdanningsopplegg med grunnlag i «Recovery» som erstatning for eller supplement til eksisterande helsetenester. Kurs og utdanningsopplegg blir utvikla av fagpersonar og personar med eigenerfaring, og har vist seg å ha svært god recovery-effekt for kursdeltakarar.
Målsetting for prosjektet
a) Ein betre kvardag (kontroll i eige liv) for personar med utfordringar knytt til psykisk helse og eller rus. b) Forståing for korleis ein kan vera til hjelp for personar som er i prosessar mot å ta kontroll i eige liv c) Kursmateriale for recoverykurs og utdanningsopplegg på norsk .
Målgruppe
Personar som ikkje er i jobb eller utdanning på grunn av psykiske og eller rusrelaterte helseproblem. Og personar som vil støtte andre med slike problem.
Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå
60
Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet
Det er oppretta ei prosjektgruppe med to fagfolk og tre erfaringsmedarbeidarar som har starta planlegging av kurspakke og utdanningsforløp. Det er samla materiale frå tilsvarande kurs i England, og noko av dette er oversett til norsk, og er klart til å prøvast ut. Dersom me får midlar frå Extrastiftinga skal det opprettast eit kursleiarteam med to fagpersonar og to-fire erfaringsmedarbeiarar. Dei skal delta i ein kursutviklnigsprosess der materiale som til no er oversett blir prøvd ut og tilpassa til lokale forhold. Det skal også jobbast vidare med å prøve ut andre «verktøy» som kan nyttast i kursa. I desse prosessane vil dei få støtte frå eit «følgjeteam» som les litteratur og kjem med forslag til ulike pedagogiske verkemiddal som kan prøvast ut og tilpassast dei aktuelle kursdeltakaranane. Gruppa vil også få hjelp til systematisk evaluering av det som blir prøvd ut.
Fremdriftsplan for prosjektet
KURS A: Vår-17 Rekruttere og etablere kursleiarteam. . Haust-17 Gjennomføre to kurs med evalueringar. Vår-18 Evaluering og utvikling av nye verktøy Haust-18 Nytt kurs (ny målgruppe) Vår-19 Nytt kurs Haust-19 Ev og utv av kursmateriale KURS B:Haust-17 Rekruttering av kursteam Samarb NAV ??++ Våren-8 Pilotkurs Karmøy Haust-18 Samarb NAV+ praksisplassar Kurs med deltakarar frå heile regionen Våren 2019 Evaluering og utvikling av kursmateriale
Sluttrapport
Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet
Målet med prosjektet var å prøve ut recovery-kurs etter modell frå Recovery Colleges i England. Dette var eit tiltak for å styrke recovery-orienterte tenester innanfor rus og psykisk helsefeltet. Prosjektet har vore forankra i FOUSAM (felles- forskings- og utviklingseining mellom Helse Fonna, Høgskolen på Vestlandet og 18 kommunar i Helse Fonna Regionen) med prosjektleiing i Høgskulen på Vestlandet (HVL). Det er utvikla 3 ulike kurskonsept, alle kurs er utvikla og leia i samarbeid mellom personar med eigenerfaring og personar med helse- eller sosialfagleg bakgrunn. Kurs A har fokus på den einskilde sine betringsprosessar og blir arrangert i kommunane. Kurs B har vore eit utdanningsopplegg gjennomført på tvers av kommunane, og handla om å støtte andre i deira betringsprosess. Kurs C er vidare fordjuping av innhaldet i kurs A. Det er utvikla evalueringsverktøy som del av prosjektet. Tenestebrukarar og tilsette har delteke på kursa.
Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)
Alle mål frå prosjektplanen er nådd. Eit mål var «Ein betre kvardag (kontroll i eige liv) for personar med utfordringar knytt til psykisk helse og eller rus». I skriftlege evalueringar og fokusgrupper kjem det fram ta deltakarane erfarer ein betre kvardag og meir kontroll i eige liv ved at kursa har gitt dei nettverk, erfaringar med å vera til hjelp for andre, von for framtida og erfaring med at ting kan endre seg til det betre. Eit anna mål var «Forståing for korleis ein kan vera til hjelp for personar som er i prosessar mot å ta kontroll i eige liv». Det er utvikla samarbeidsmodellar for utvikling og gjennomføring av kurs, og kursa er arenaer for å vera til hjelp for andre. Det siste målet var «Kursmateriale for recovery-kurs og utdanningsopplegg på norsk». Det er utvikla kursmateriale som er teke i bruk på nye stader utanfor prosjektet.
Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet
200
Prosjektgjennomføring/Metode
Det blei oppretta kursleiarteam (to fagfolk og to-fire erfaringskonsulentar, FOUSAM og Karmøy kommune) som hadde ansvaret for innhaldet i kurs og utdanningsopplegg. Ein pedagog og ein forskar frå Høgskulen på Vestlandet bidrog med inspirasjon til at kursopplegg og kursinnhald var i tråd med Recovey College-tradisjonen. Dei var også ansvarleg for evalueringar. Prinsippa: «co-production, co-delivery and co-receiving» beskriv både kursmetodikk og verkemiddel for å legge til rette for «CHIME»-prinsippa. Alle kursopplegg er planlagd og gjennomført i samarbeid mellom menneske med eigenerfaring og fagpersonar med kompetanse på pedagogikk og/eller psykisk helse. Samskaping i utviklings og gjennomførings fase innebærer at kurset blir nytt kvar gong i og med at deltakarane sine erfaringar pregar innhaldet. Samstundes er det klar struktur og rammer som gjev tryggleik. Evalueringar er grunnlag for vidareutvikling av kurs. Grunnlaget i alle kurs er kunnskap om kva som støttar recovery-prosessar. Gradvis er det utvikla av ei «verktøykasse» med idear til aktivitet og fagleg innhald som blir teke i bruk (og utvida av) av nye kursleiarteam andre stader.
Resultater og resultatvurdering
Prosjektet har bidrege til ei styrking av recovery-orienterte tenester i vår region. Kommunane hadde starta arbeidet med recovery-orientering, men hadde ikkje kunnskap og ressursar til å satse på eit slikt omfattande konsept åleine. Det er no kunnskap om recovery hjå ei stor gruppe tenestebrukarar og mange tilsette i dei ulike kommunane. Mange tenestemottakarar er aktive som bidragsytarar i formelle og uformelle samanhengar. Prosjektet har bidrege med kompetanse, erfaring og faglege føringar i oppstartfasane, og kommunane har teke ansvar for vidare drift. Prosjektet har også delteke i nasjonal og nordisk nettverk for recovery-colleges (/recovery-skular), og har bidrege med viktig erfaring og kunnskap i utvikling av norm for slike kurs og opplæringstilbod i Norge. Prosjektet har bygd på godt samarbeid, og har gjeve moglegheiter for at personar med fag- og erfaringsbakgrunn bidra positivt. Samarbeidet har gitt rom for at stadig fleire har teke del i desse skapingsprosessane.
Oppsummering og videre planer
Aktiviteten i prosjektet er vidareført av einskildkommunane, som driv kurs, utviklar nye kurs og lærer opp nye kommunar. Det er også vidareført ved at der oppretta ein «Recovery ressursbase» (finansiert av fylkesmennene i Vestland og Rogaland) som mellom anna skal koordinere kursutviklingsarbeidet, drive kurs på tvers av kommunane, og bidra med evalueringar og nettverk for personar med erfaringskompetanse. Dei samarbeider tett med recoveryskular i Bergen, på Jæren og i England om fagleg styrking og kvalitetssikring av tilboda. Utvikla kursmateriale er tilgjengeleg for alle.