Utan Terapeut – Mot82 UT i lokalsamfunne

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet

Prosjektet har som mål å jobbe for å få fleire menneske med psykisk liding til å delta i musikk/kulturaktivitetar i lokalsamfunnet. Det er ei vidareføring og utvikling av prosjektet MOT82; eit MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding som har vore i drift i godt og vel eitt år. Målgruppe: vaksne menneske med stemnings- eller psykoselidingar, og ungdom som er i risikogruppe for å utvikle psykiske lidingar. Vi planlegg å nå ca. 100 personar i målgruppa som på landsbasis er ca. 70 000 personar. Effekten av tiltaket vert målt ved hjelp av kartlegging- og evalueringsrapportar.

Målsetting for prosjektet

Det overordna målet for UT – MOT82 ut i lokalsamfunnet er at fleire deltakarane tar aktivt del i musikk/kulturaktiviteter i lokalsamfunnet: – Ved deltakelse i eksisterande lokale musikk/kulturtilbod – Ved deltaking på ulike lokale arrangement (t.d. konsertar, teaterframsyningar, e.l.)

Målgruppe

Målgruppa er vaksne menneske med stemnings- eller psykoselidingar, og ungdom med psykiske vanskar som er i risikogruppe for å utvikle psykiske lidingar.

Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå

100

Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet

Musikkterapitilbodet ved prosjektet byggjer på ei ressursorientert tilnærming som mellom anna vektlegg tankegods frå empowerment-filosofien og nyare tilfriskningsperspektiv frå recovery-tradisjonen. I tillegg er det behov for ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som vektlegg samspelet mellom individ og samfunn. Aktivitetar i musikkterapitilbodet er bandsamspel, songskriving, improvisasjon, musikklytting og refleksjonar om musikk, trommesirkel eller kor. I tillegg vert det jobba med studioinnspeling og konsertverksemd på kulturverkstaden U82. Når det gjeld målet om at deltakarane tar aktivt del i musikk/kulturaktiviteter i lokalsamfunnet, vil musikkterapeuten ha ein koordinator rolle som legg til rette for gode overgangar. Musikkterapeuten kan sjølv vere med deltakarar i brua inn til eit lokalt musikk/kulturtilbod. Men ein kan like gjerne sjå for seg bidrag i denne prosessen frå frivillige, musikk-kontaktar (støttekontaktar med musikk som kompetanse) eller at brukarar i prosjektet hjelper andre nye brukarar. Gjennomføringsplan tar utgangspunkt i at «UT – MOT82 ut i lokalsamfunnet» blir eit aksjonsforskingsprosjekt. Fokusgruppemøter vil danne utgangspunkt for ulike aksjonssyklusar.

Fremdriftsplan for prosjektet

Framdriftsplanen tar utgangspunkt i at det er eit aksjonsforskingsprosjekt. Fokusgruppemøter vil bli halden kvart halv år, og dannar grunnlaget for aksjonssyklusane. I aksjonsfasen vil ulike modellar bli prøvd ut, til dømes musikkterapeut-assisterte tilbod, musikkontakt-assisterte tilbod og brukarstyrte tilbod. Siste året vil ein jobbe spesifikt med plan for å sikre at UT – MOT82 ut i lokalsamfunnet går frå prosjekt til fast tilbod.

Sluttrapport

Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet

Prosjektet UTAN Terapeut – MOT82 UT i lokalsamfunnet er ei utvikling og vidareføring av musikkoppfølgingstilbudet MOT82. Dei to siste åra har Rådet for psykisk helse/ExtraStiftelsen si støtte gitt moglegheit til å drifte prosjektet. I UTAN Terapeut – MOT82 UT i lokalsamfunnet har ein jobba for å implementere musikkterapi i psykisk helsearbeid med vektlegging av å ha eit meiningsfult musikktilbod i ein oppfølgingsfase. Hovudmålet har fokusert på at deltakarane vert aktive aktørar i det regulære musikk/kulturlivet. Målgruppa er vaksne menneske med stemnings- eller psykoseliding, og ungdom som er i risiko for å utvikle psykiske lidingar. Tilhaldsstaden har vore kulturverkstaden U82-huset i Åsane, der ein har hatt moglegheit for å drive ei rekke ulike musikkaktivitetar.

Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)

Hovudmålet for UT – MOT82 ut i lokalsamfunnet har vore å få fleire menneske med psykisk liding til å delta i det regulære musikk/kulturlivet i Åsane. Ei Brukar Spør Brukar evaluering tilseier at ein delvis har klart å nå målsetjingane. Prosjektet har i liten grad ført til at brukarar har tatt skrittet ut til lokale korps, kor, teaterlag eller liknande. Derimot har det utvikla seg eit yrande musikkmiljø på U82-huset, med høg deltaking på musikkaktivitetar som bandøvingar, lågterskeltilbodet musikkafé, kor, innspelingar, konsertar og individuelle musikkterapitimar.

Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet

50

Prosjektgjennomføring/Metode

Musikkterapitilbodet ved UT – MOT82 ut i lokalsamfunnet er bygd på ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som vektlegg samspelet mellom individ og samfunn. Vidare har ein hatt ei ressursorientert tilnærming som mellom anna vektlegg tankegods frå empowerment-filosofien og nyare tilfriskningsperspektiv frå recovery-tradisjonen. I praksis inneberer dette eit fokus på blant anna brukarinvolvering, samarbeid, inkludering, deltaking, empowerment, nettverksbygging, og eit syn på musikk som ein kvardagslivsressurs og verksemd ein aktivt tar del i. Aktivitetar i musikkterapitilbodet har vore bandsamspel, songskriving, samspelsaktivitetar, lågterskelkafè, improvisasjon, musikklytting og refleksjonar om musikk, og kor. I tillegg er det blitt jobba med studioinnspeling og konsertverksemd. Hovuddelen av musikkaktivitetane er leia av musikkterapeut, men det har utvikla seg tre-fire band som er eigendrivne og som øver utan terapeut.

Resultater og resultatvurdering

UTAN Terapeut – MOT82 UT i lokalsamfunnet har resultert i ein Brukar Spør Brukar evalueringsrapport. Funn i rapporten indikerer at brukarane hovudsakeleg har vore nøgde: U82-huset vert opplevd som ein trygg plass som gir rom for mestring, vennskap og positive opplevingar. Musikktilbod som føregår på U82 huset i regi av MOT82, vert slik opplevd som eit reelt lokalt kulturtilbod. Brukarane trakk og fram områder som var vanskelige, slik som kjensla av ekskludering og tema knytt til stigma og psykisk helse. Her gir ein tydelig uttrykk for eit ønske om å tone ned fokuset på psykisk helse og tone opp viktigheten av å drive med musikk.

Oppsummering og videre planer

UTAN Terapeut – MOT82 UT i lokalsamfunnet har vore eit innovativt prosjekt i psykisk helsefeltet. Det har ført til at fleire mennesker med psykisk liding er blitt kulturdeltakarar i lokalsamfunnet. Bergen kommune ved byrådsavdeling klima, kultur og næring overtar og gjer MOT82 til eit fast permanent tilbod frå 1/1 2019. UTAN Terapeut – MOT82 UT i lokalsamfunnet kan vere ein god modell for korleis ein kan jobbe med oppfølgingstilbod i psykisk helsearbeid lokalt i Bergen, men og nasjonalt og globalt.

Prosjektleder

Lars Tuastad

Detaljer
Program
Helse høst (2016)
Prosjektnavn
Utan Terapeut – Mot82 UT i lokalsamfunne
Organisasjon
Rådet for psykisk helse
Org.ledd
Kulturverkstaden U82,Arna/Åsane, avd. kultur og avd. psykisk helse,Helse Bergen.
Beløp Bevilget
2017: kr 750 000, 2018: kr 750 000
Startdato
01.01.2017
Sluttdato
31.12.2018
Status
Avsluttet