Videomodellering – sosiale ferdigheitar

I samarbeid med

Søknadssammendrag

Bakgrunn for prosjektet

I vår praksis har vi hatt utfordringar med å finne føremålstenleg og strukturert material på norsk for målgruppa vår. I manualen til Jed Baker fann vi både kartleggingsskjema og strukturert program for spesifikke sosiale ferdigheiter. Etter bruk av manualen ynskjer vi å supplere med norske videosnuttar som illustrerer kvar ferdigheit. Forsking viser at barn og unge med autismespekterforstyrring lærer gjennom det visuelle, samstundes som det kan vere ein motivasjonsfaktor å bruke video. Gje 1.linjetenesta enkel tilgong til material som kan auke læringsmoglegheitane for målgruppa vår.

Målsetting for prosjektet

Auke fokus på sosial trening med barn og unge med autisme.

Målgruppe

Barn og unge med autisme, psykisk utviklingshemming, depresjon, sosial angst og andre psykiske lidingar med sosiale vanskar.

Antall personer i målgruppen som prosjektet planlegger å nå

100

Beskrivelse av gjennomføring og metode for prosjektet

Metoden er vidareutvikling av videomaterial, utvikling av digitalt verktøy gjennom brukardriven inovasjon, og effektmåling gjennom evaluering og bruk av verktøy (Iterrativ tilnærming). Effekten av sjølve manualen og teknikkane finst det allereie evidens på effekt, gjennom forsking på Jed Baker sin manual. I gjennomføringa av brukardriven innovasjon vil det vere deltakarar frå 2 skular, med foreldre, i 2 fylker. «Sluttproduktet» er tenkt i nå heile landet. Vi har i dag produsert pilotfilmar (finansiert av Regionalt Fagmiljø for autisme, Tourettes, ADHD og narkolepsi i Helse Vest) som er lasta ned i dei fleste fylker med stor nytteverdi for fagfolk som arbeider med sosiale vanskar. Legger inn link til pilotfilmane vi har produsert: https://www.youtube.com/watch?v=yWaJxEnmCpw&list=PLAABXhXaSTKgmFfa4WWWo3O2vDLnSePp0

Fremdriftsplan for prosjektet

Produksjon av film material oppstart oktober 2016. Denne produksjonen inngår i overordna prosjektplan «VIMO», som har sluttdato 31.12.2017. Filmane skal inn på eit tidleg tidspunkt og bør vere ferdig produsert i utgong av 2016.

Sluttrapport

Målsetting, målgruppe og bakgrunn for prosjektet

Bakgrunn for prosjektet: Bakgrunnen for prosjektet er å lage material for å auke fokuset på sosial trening for barn og unge med autismespekerforstyrring. For å oppnå dette ville vi i fyrste del av prosjektet utvikle 47 videomodelleringsfilmar som visuelt illustrere kvar enkelt sosial ferdigheit i manualen til Jed Baker. I andre del av prosjektet ville vi at Haltenbanken skulle utvikle design på ei digital løysing for sosial ferdigheitstrening, «VIMO» framtidig APP for sosial ferdigheitstrening. Målet med prosjektet: Målet med prosjektet er at vi skal styrke læringsmoglegheitene for barn og unge med autismespekterforstyrring i høve sosiale ferdigheiter, samstundes gje 1. linjetenesta eit godt material på norsk til bruk i opplæring av sosiale ferdigheiter. Målgruppe: Hovudsakleg er prosjektet meint for barn og unge med autismespekterforstyrring, men metoden kan også nyttast til andre barn og unge som har sosiale vanskar, til dømes ADHD, lærevanskar og angstliding

Beskriv i hvilken grad oppsatte effektmål ble nådd (ref søknadsskjemaet)

Med autismeforeninga i Noreg som søkjarorganisasjon, har Helse Fonna HF ila hausten 2017 produsert 47 videomodelleringsfilmar som illustrere spesifikke sosiale ferdigheiter. Videoane er no ferdig redigert av designfirma Appex, og er lagt ut på autismeforeninga si heimesida: www.autismeforeningen.no og på facebook sida deira. Alle videoane er illustrert med logoane til Autismeforeninga i Noreg, Extrastiftelsen og Helse Fonna. På autismeforeninga sine sider kan alle som er interesserte bruke videoane i sosial trening med barn og unge. Link til videoane: https://vimeo.com/album/5493995 Haltenbanken har levert sluttrapport for deira arbeid med «ViMo». Målet var at Haltenbanken skulle utvikle eit design på ei digital løysing for sosial ferdigheitstrening. Designet på «ViMo» vil bli lagt ut på autismeforeninga si heime side: www.autismeforeningen.no og på facebook sida deira. Der kan alle få sjå korleis sluttproduktet kan bli. Link til designet: https://vimeo.com/257856833

Antall personer i målgruppen nådd av prosjektet

3

Prosjektgjennomføring/Metode

Prosjektet har hatt vore leia av Helse Fonna HF, der private aktørar har levert oppdrag på bestilling. Det er etabler ei styringsgruppe der 2 kommunar er representert, og den er leia av fagdirektør i Helse Fonna HF. BTO har fasilitert og hjulpet til med prosjektstøtte. Utvikling av APP har vore iterativ. Vi vil vi fase 2 av prosjektet halde fram med å realisere APPen «ViMo». Målet er at «ViMo» på sikt skal innhaldet metode, material og teknikkar for sosial ferdigheitstrening for barn og unge med autismespekterforstyrring. Vi ynskjer at foreldre og fagpersonar kan arbeide sjølvstendig med produktet. I «ViMo» vil alle kunne analysere åtferd, sette sosiale mål og utvikle eit sosialt treningsopplegg for barn og unge.

Resultater og resultatvurdering

Videomodelleringsfilmane er no ferdige, og er gjort tilgjengelege på autismeforeninga si heimesida: www.autismeforeningen.no, og på facebook sida deira. Videoane som er produsert er bygd opp under ein metode som er godkjent av autismeforeningen. Og det har vore ei gjensidig oppfatning om at autismeforeninga, og deira medlemmer skal få nytta innhaldet i produksjonen vederlagsfritt. Effekten og bruken av videoane kan vi ikkje uttale oss om på noverande tidspunket, då videoane ikkje har vore ferdige og tilgjengelege før no. Etter denne prosjektperioden sit vi att med eit ferdig utvikla design som skal ut på anbod. Anbodet er på leveranse av produktet til markedet. Helse Fonna HF har i intensjonsavtale garantert for ei økonomiske plikt i tre år. Når «ViMo» er ferdig, vil produktet kunne nyttast fritt av sluttbrukar. Kommunane som ynskjer å bruke produktet må rekna med ei årleg avgift for databehandleroppgåver. Alle kommunar må signere databehandlaravtale med leverandør av produktet.

Oppsummering og videre planer

I prosjektperioden har vi produsert 47 videomodelleringsfilmar, og vi har utvikla eit design på «ViMo»; framtidig APP for sosial ferdigheitstrening. I det vidare arbeidet vil vi halde fram i fase 2 for å realisere «ViMo». «ViMo» har som mål å bli eit komplett sosial ferdigheitstreningsprogram som skal innehalde metode, teknikkar og sosiale program. Målet er at alle skal kunne arbeide sjølvstendig med produktet og lage strukturerte sosial program. Produkt i prosjektet: – 47 videomodelleringsfilmar – Design på «VIMO» framtidig APP for sosial ferdigheitstrening

Prosjektleder

Siv Marie Øyjord

Detaljer
Program
Helse høst (2016)
Prosjektnavn
Videomodellering – sosiale ferdigheitar
Organisasjon
Autismeforeningen i Norge
Org.ledd
Psyktools skal levere det digitale produktet (APP- VIMO).
Beløp Bevilget
2017: kr 682 000
Startdato
01.01.2017
Sluttdato
30.12.2017
Status
Avsluttet